HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering, høyring og offentleg ettersyn - Framlegg til lokal føresegn om utslepp av sanitært avlaupsvatn - merknadsfrist 09.september 2019

Kunngjering, høyring og offentleg ettersyn - Framlegg til lokal føresegn om utslepp av sanitært avlaupsvatn - merknadsfrist 09.september 2019

Med heimel i ureiningslova, § 12-6 i ureiningsføresegna, har Heradsstyret i møte 19.06.2019 vedteke å leggje FRAMLEGG TIL LOKAL FØRESEGN OM UTSLEPP AV SANITÆR AVLAUPSVATN ut på høyring og offentleg ettersyn.

FRAMLEGG TIL LOKAL FØRESEGN

Rådmannen har sett trongen for å få på plass ein ny lokal føresegn i Osterøy kommune, og har sett i gang arbeidet med å lage eit framlegg til ein slik føresegn. Råmannen har etter dette teke del i arbeidet med lokal føresegn gjennom samarbeidet i Nordhordaland. Dette arbeidet munna ut i ei felles føresegn som er tilpassa lokale tilhøve. Det er ei lokalt tilpassa utgåve av denne, saman med sonekart, som no vert lagd fram for høyring.

Kommunen handsamar i dag søknad om utslepp av sanitært avlaupsvatn frå bustad og fritidsbustad administrativt etter nasjonal føresegn om ureining, kap 12 med krav til utslepp av sanitært avlaupsvatn frå bustad, hytter og liknande.

Kommunen hadde tidligare lokal føresegn om utslepp frå separate avlaupsanlegg. Føresegna vart oppheva etter nytt regelverk jf. ureiningsføresegna FOR-2004-06-01- 931 § 12-17. Kommunen kan fastsette lokal føresegn dersom det er naudsynt ut i fra ureinande tilhøve eller brukerinteresser. Krav i lokal forskrift skal erstatte krav i § 12-7 til § 12-13.

Framlegget består av:

Forskrifta og vedlegg ligg òg til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset og Osterøy bibliotek.

Merknader til framlegget må vera framsett skriftleg innan merknadsfrist til e-post post@osteroy.kommune.no eller per brevpost til Osterøy rådhus, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Merknadsfrist er sett til 9.september 2019.


Sist oppdatert: 10.07.2019
Publisert: 10.07.2019