HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering - Oppstart av reguleringsplan Haus Sentrum Sør

Kunngjering - Oppstart av reguleringsplan Haus Sentrum Sør

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, vert det varsla igangsetting av offentleg detaljregulering for Haus sentrum sør 62/1, 6, 19, 67, 156, 168 m.fl  i Osterøy kommune, med planID 46302020002.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for ein fleirmannsbustad med tilhøyrande infrastruktur på gbnr 62/6 og 62/19. Planarbeidet vil også regulere veg, parkering og annan infrastruktur innanfor planområdet.

Planstatus

Gjeldande plan er reguleringsplan for sentrum sør planID 504_27 som vart vedteken i 1997 (figur 1). Området ligg omtrent midt i planområdet for søndre del av sentrumsplanen frå 1997.

 

Utsnitt over viser sentrumsplan frå 1997. Varsla plangrense er vist i stipla svart line. 

 

Planavgrensinga grensar til detaljregulering Haus sentrum plan ID 1253 2009001 i nord. Vegløysingar nord i planområdet er sikra i plan 2009001. Utsnitt under viser detaljreguleringsplan 2009001 og plangrense det vert varsla oppstart av.  

 

Det vert med dette varsla delvis oppheving av planID 504_27 jf pbl 12-14.

Planområdet er sett av til sentrumsføremål i kommuneplanen sin arealdel med krav om områderegulering i Haus før større tiltak, også detaljregulering, kan finne stad. På bakgrunn av krav i KPA var det naudsynt med politisk prinsippavklaring før oppstart. I sak 101/20 den 09.12.2021 vedtok Heradsstyret oppstart av detaljregulering i Haus sentrum

Planområdet 

Planområdet er avgrensa som vist på kartutsnitt under utgjer om lag 6,8 daa. Planområdet er lokalisert i Haus. Planområdet omfattar heile Gbnr 62/6, 19, 197, 156, 67, 168, og delar av Gbnr 62/1, 155, 170, 168, 103.

Tiltakshavar

Tiltakshavar er Osterøy kommune og plankonsulent er Osterøy kommune ved planavdelinga.

Informasjon, medverknad og innspel

Grunneigarar, naboar, offentlege og private høyringsinstanser blir skrivne til direkte eller på e-post.

For nærare informasjon kontakt Osterøy kommune ved planavdelinga. Innspel til planarbeidet sendast til post@osteroy.kommune.no, eller pr brev til Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg. 

Frist for å kome med innspel til oppstart er sett til 15.02.2021

Merk at dette er varsel om oppstart og at det vil no verta utarbeida eit forslag til reguleringsplan som vil kome ut på eiga høyring på eit seinare tidspunkt med moglegheit til å kome med innspel til. 


Sist oppdatert: 25.01.2021
Publisert: 22.01.2021