HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering - Søknad om endra plassering og skifte av anleggsmidlar til ringar på havbrukslokalitet 18898 Skaftå i Osterøy kommune

Kunngjering - Søknad om endra plassering og skifte av anleggsmidlar til ringar på havbrukslokalitet 18898 Skaftå i Osterøy kommune

Sjøtroll Havbruk AS søker om flytting og endring av anleggsmidlar på lokalitet 18898 Skaftå i Osterøy kommune. Lokaliteten er godkjent for 14 stk. 25x25 meter bur i stålanlegg på to rekkjer. Sjøtroll Havbruk AS søkjer no om å flytta lokalitet Skaftå til godkjent areal VA1 i kommuneplanen til Osterøy kommune for å kunna skifta ut dagens kompakte stålanlegg til meir framtidsretta anlegg.
Anlegget det her vert søkt om består av 10 stk 157 meter ringar i ramefortøying på 100m x 100m. Anlegget vert lagt på to parallelle rekkjer med 5 ringar på kvar rekkje.
SH vil samtidig ta i bruk og vidareutvikla oppsamling av organiske partiklar, ut frå fullskala forsøk gjort på lokalitet Blom i Sørfjorden ved siste generasjon. Sjøtroll Havbruk AS har kjøpt ein ny flåte til lokaliteten, som har eigen avdeling med filtrering av organiske partiklar og eigne slamtankar montert på flåten. Figur under viser omsøkt anlegg. 

Sist oppdatert: 10.01.2022
Publisert: 10.01.2022