HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering - tidlegrøysting frå 1. juli

Kunngjering - tidlegrøysting frå 1. juli

I samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 er det høve til å førehandsrøysta frå 3. juli.

Tidlegrøysting i perioden 1. juli til og med  9. august er meint for veljarar som ikkje har høve til å røysta i ordinær periode for førehandsrøysting (frå 12. august), og som heller ikkje kan røysta på valdagen.

 

Røystestad: Osterøy rådhus i vanleg opningstid kl. 08.00 – 15.00

 

Det er ikkje naudsynt å avtala tid på førehand, det er berre å møta opp i opningstida.

Ordinære røystesetlar med partinamn og kandidatar vil ikkje vera tilgjengeleg i starten av perioden for tidlegrøysting. Me nyttar i staden departementet sin avkryssingssetel i byrjinga, der du krysser av for det partiet du ønskjer å stemma på. Dette inneber at du ikkje får gje personrøyst til kandidatar som står på partilista som du ønskjer å stemma på, eller føra opp kandidatar frå andre lister (slengjarar).

Hugs legitimasjon!

 

Meir informasjon: tlf. 56 19 21 00  - eller 56 19 21 63

 


Sist oppdatert: 27.06.2019
Publisert: 24.06.2019