Kunngjering - Varsel om oppstart av planarbeid - Detaljregulering Øvre Klubbelia, gbnr 5/1 m.fl - Hauge. Merknadsfrist 8.august 2021

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Øvre Klubbelia, gnr. 5 bnr. 1 mfl. - Hauge, i Osterøy kommune.

Planområdet ligg på Hauge, like på austsida av FV566 Osterøyvegen og er kopla til det eksisterande bustadområdet Klubbelia og til Kleivelandsvegen. Planområdet er i dag ubygd.

Eksisterande tilkomstveg Klubbelivegen er tatt med i planområdet slik at det kan gjerast utbetringar på denne dersom det skulle bli
naudsynt.

Tiltakshavar og konsulent
Arne Dag Kleiveland er tiltakshavar.
Ard arealplan AS er konsulent for planarbeidet.

Føremålet med planarbeidet

Ein ynskjer å byggje ut området med bustader og det må difor lagast ein detaljreguleringsplan. Ein ynskjer i planframlegget å leggje til rette for frittliggjande bustader som eine- og tomannsbustader, mellom 7-10 bueiningar. Det vil i tillegg bli sikra gode felles og private uteområde.

Planområdet

Planområdet er på ca. 24,9 daa og er i kommuneplanen i hovudsak avsett til bustader. Planavgrensinga er no sett noko romsleg for å sikre at ein tek med nok areal, og vil i det vidare planarbeidet bli justert. Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing. 

Merknader til varsel om oppstart

Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Meir informasjon kan ein finne på nettsida til www.ardarealplan.no.

Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as c/o Spaces Media City Lars Hilles gate 30,5008 Bergen

E-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Osterøykommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil sendast Osterøykommune saman med planforslaget når det er ferdig utarbeidd.

Merknadsfrist er sett til 8. august 2021. 

Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Osterøy kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.


Sist oppdatert: 25.06.2021
Publisert: 25.06.2021