HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av endeleg vedtak - Kommunedelplan for oppvekst for Osterøy kommune

Kunngjering av endeleg vedtak - Kommunedelplan for oppvekst for Osterøy kommune

 

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §11-15 er framlegg til plan handsama i Heradstyret 25.09.2019 med slikt vedtak:

Heradsstyret vedtek med heimel i plan og bygningslova §11-15 kommunedelplan for oppvekst, Osterøy kommune, planID 12532015008 med planbrosjyre, kunnskapsgrunnlag og handlingsdel.

Du kan lese vedtak og saksframlegg i sin heilskap her.

Framlegg til plan

Planen gjeld oppvekstsektoren i Osterøy kommune. Planen skal vere eit nyttig utviklings- og styringsverkty på kort og lang sikt, og skal liggja til grunn for prioriteringar og ressursbruk retta mot born, ungdom og unge vaksne i Osterøy kommune. Hovudmål for planen er å leggja til rette for at kommande generasjonar kan utvikla seg til å verta born, unge og unge vaksne som meistrar notida og framtida. 

Samla sett meiner rådmannen at oppvekstplanen vil vera eit godt styringsdokument for politikarar, fagpersonell og kommunesamfunnet for øvrig. Det er viktig at alle dei ulike tiltaka vert prioritert og tidfesta. I tillegg vil det vera avgjerande at oppvekstsektoren vert tilført tilstrekkeleg med både ressursar og kompetanse for å iverksetja handlingsplanen som Heradsstyret har vedteke.

Plandokument og vedtak ligg på kommunen si heimeside og til gjennomsyn i servicekontoret på rådhuset og biblioteket i Lonevåg. Lag, organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Kommunedelplanen omfattar 3 delar: 

 

OM KLAGE
Jmf plan og bygningslova §11-15 kan ikkje heradsstyret sitt vedtak om kommuneplan påklagast.

Spørsmål kan rettast til post@osteroy.kommune.no eller pr brev til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.


Sist oppdatert: 17.12.2019
Publisert: 17.12.2019