HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringar1.gongs høyring - Detaljregulering Angelskår akvakulturområde - merknadsfrist 30.august 2019

1.gongs høyring - Detaljregulering Angelskår akvakulturområde - merknadsfrist 30.august 2019

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 vert framlegg til plan for Detaljregulering Angelskår akvakulturområde, planID 12532018002 lagt ut til høyring. 

Plandokumenta føresegner, plankart, planskildring og tilhøyrande dokument vert med dette lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.

FRAMLEGG TIL PLAN

Planframlegget omfattar sjølve overflateanlegget og område under vatn som skal nyttast til oppankring av anlegget. Eksisterande anlegg ved Kvamme og Angelskår skal flyttast til område som no vert regulert. Lokalitetane ved Kvamme og Angelskår vil ikkje vera i bruk lenger når område regulert i denne planen vert tatt i bruk. Det vil difor ikkje verta større biomasse eller meir akvakultur som følgje av reguleringsplanen.

Verknad på omgjevnadane knytt til ljos, støy og lukt er utgreidd og det er vurdert at det ikkje vil vera negative konsekvensar av planlagde tiltak. Det har vore eit særskild fokus på verknadane av tiltaket på miljøet i fjorden. Verknadane er godt utgreidd og det vil ikkje vera ein negativ endring i høve til dagens situasjon. 

Oppstart av planen vart varsla 18.02.2019. I samband med varslinga kom det inn 9 merknadar. Desse er skildra i planskildringa.

Planforslaget omfattar:

Plandokument og vedtak ligg tilgjengeleg på på kommunen si heimeside og til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

Send merknader på e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til

Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Merknadsfrist: 30.august 2019


Sist oppdatert: 21.06.2019
Publisert: 14.06.2019