HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Fosslia bustad – klagefrist 03.05.19

Kunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Fosslia bustad – klagefrist 03.05.19

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §12-12 er framlegg til plan handsama i Heradsstyret 20.02.2019 med slikt vedtak:

Heradsstyret vedtek i medhald av plan og bygningslova § 12-12 detaljregulering for Fosslia bustad 12532016006, med plankart datert 23.05.2018, føresegner datert 22.01.2019, planskildring datert 08.01.2019, VA-rammeplan notat datert 17.06.2018 og VA-rammeplan kart datert 03.01.2019

FRAMLEGG TIL PLAN

Hensikta med planen er å legge til rette for å utvikle eigedom gbnr 137/200 med eit leilegheitsbygg over tre etasjar, med ni bueiningar og tilhøyrande uteopphalds- og leikeareal. Innanfor planområdet ligg det tre eksisterande bustader med tilhøyrande garasjar. I tillegg er område for renovasjonsløysing tatt med i planavgrensinga. Tilkomst vil vere frå Veg 1091, som er ein kommunal veg tilknytt Fv 567 Valestrandvegen. Planframlegget er i tråd med overordna plan - områderegulering for Valestrand sentrum (planID 2011003). Tiltakshavar er Cruse AS, og plankonsulent er Ard arealplan AS.

Sakspapir - Andre gongs handsaming - Plansak Detaljregulering Fosslia bustad

Planforslaget omfattar:

Plankartet saman med føresegnene er juridisk bindande for framtidig arealbruk jfr pbl § 12-4.

Naboar, grunneigarar og offentlege instansar vert varsla direkte med brev. Plandokumenta ligg til gjennomsyn i Osterøy rådhus servicekontoret og Osterøy bibliotek. Dei kan og sjåast på https://www.osteroy.kommune.no/innhald/politikk-og-hoyringar/hoyringar-og-kunngjeringar/

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Jamfør plan og bygningslova § 12-12 tredje ledd kan vedtaket påklagast.

Eventuelle klager vert å senda

Osterøy kommune v/ Plan, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg eller til post@osteroy.kommune.no.

Klage må vere framsett skriftleg til seinast innan 3.mai 2019.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. PBL §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3- tre år- etter denne kunngjeringa, jf. PBL § 15-2 og 3.

Klagefrist: 03.05.2019


Sist oppdatert: 08.04.2019
Publisert: 08.04.2019