HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering endeleg vedtak - Mindre reguleringsendring etter forenkla prosess Fugledalen bustad planID 12532021001

Kunngjering endeleg vedtak - Mindre reguleringsendring etter forenkla prosess Fugledalen bustad planID 12532021001

RÅDMANNEN SITT VEDTAK

«Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 2 ledd er detaljregulering Fugledalen bustad planID 12532012001 endra i plankart dagsett 30.04.2021»

Vedtaket inneber ei endring til %BYA 35 for felt BF03 og BF04. 

Bakgrunn

Detaljregulering Fugledalen bustad planID 12532012001 vart vedteken i 2014. Det er tidlegare gjort eit administrativt vedtak i sak 19/213 om endring av føresegner og plankart. Ved detaljplanlegging og prosjektering før bygging ser ein at det er nokre felt der tiltakshavar meiner at ein BYA på 30% vanskeleggjer den ønska bygginga. Det er difor ønske om ei auke av utnyttingsgrad.

Tiltakshavar: Lonevåg Boligutvikling AS

Plankonsulent: Bergan Bygg AS

Ønska endringar

Det er ønske om endring av utnyttingsgrad for to delfelt innanfor planområdet. Dette gjeld felt BF03 og BF04 som er vist i raudt i plankartet under.

Begge delfelta kan nyttast til eine- og tomannsbustader. I gjeldande plan har dei ei utnyttingsgrad på %BYA 30. Tiltakshavar ønskjer å endre til %BYA 35 for begge felta. Tiltakshavar vurderer at dette vil gje ei betre utnytting av tomtene og gjev betre løysingar i høve kva type bustader som kan byggast.

Vurdering

Det er ein føresetnad for ei enklare saksgang (endring etter forenkla prosess) at endringane ikkje er særskilt konfliktfylte. Det er ikkje kome merknader frå naboar, berørte eller offentlege myndigheiter til dei føreslegne endringane. Rådmannen har difor vurdert at endringa kan skje etter ein forenkla prosess.

Mynde

Saka er handsama og avgjort administrativt i medhald av delegert mynde, jf. kommunelova § 13-1, 6. ledd og gjeldande delegeringsreglement.

Plandokument

Klikk her for å sjå vedtaket om mindre endring etter forenkla prosess. 

Klikk her for å sjå plankartet med endringa. 

Kunngjering

Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Klage

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen. I klagen skal det gå fram kva det vert klaga på i vedtaket, og kva endringar ein ønskjer. Klagen skal grunngjevast. Før det kan reisast søksmål om vedtaket er gyldig eller krav om erstatning, må høve til å klage på vedtaket vere nytta fullt ut, jf. fvl. § 27b. Det er høve til å be om utsett iverksetjing, jf. forvaltningslova § 42, 1. ledd. Part har rett til å sjå dokumenta i saka, jf. forvaltningslova § 27, 3. ledd, jf. §§ 18 og 19.

Dersom tiltak vert sett i verk før klagefristen er ute eller før det føreligg endeleg vedtak etter handsaming av eventuell klage, er eventuell retting av tiltak tiltakshavar sitt ansvar.


Sist oppdatert: 27.09.2021
Publisert: 23.09.2021