HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering endeleg vedtak - Temaplan for Trafikksikring i Osterøy kommune 2021-2025

Kunngjering endeleg vedtak - Temaplan for Trafikksikring i Osterøy kommune 2021-2025

Heradsstyret gjorde vedtak i sak 066/21 i møte 13.10.2021 følgjande vedtak: Rådmannen sitt framlegg vert vedteke med følgande endring : På S. 31 i temaplanen bytter nr. 1 og nr. 2 på lista plass. Bruvikvegen vert altså gjeve 1. prioritet i planen.

Temaplanen vert no kunngjort med endringane vedteke av Heradsstyret.

Vedtaket og saksframlegget kan du lese her. 

Bakgrunn

Trafikktryggleik gjeld oss alle på tvers av alder og funksjon. Me har alle eit ansvar i trafikken ved å vise gode haldningar når me ferdast langs vegen. Kommunen har eit særskilt ansvar ved at den er arbeidsgjevar, vegeigar, barnehageeigar, skuleeigar og kjøpar av transporttenester. Kommunen sine
målsetjingar er å førebyggja ulukker og gjera det meir attraktivt å gå/sykle langs veg.

Planen er ein revisjon av trafikksikringsplanen for 2016-2020 og basert på arbeidet til et politisk arbeidsgruppe med mandat frå Heradsstyret i vedtak 100/18 - "REvisjon av Temaplan for trafikksikring 2016-2020, handlingsdelen, punkt C til H - oppnemning av arbeidsgruppe". Innspel direkte til administrasjonen og tiltak i samband med pågåande arbeid i administrasjonen er også lagt til i handlingsdelen. 

Du kan lese Temaplan for trafikksikring i Osterøy kommune 2021-2025 her.


Sist oppdatert: 20.10.2021
Publisert: 20.10.2021