HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering endeleg vedtak – Detaljregulering Haus sentrum sør, planID 46302020002. Klagefrist 23. juni 2023

Kunngjering endeleg vedtak – Detaljregulering Haus sentrum sør, planID 46302020002. Klagefrist 23. juni 2023

Heradsstyret gjorde følgjande vedtak i møte 10.05.2023 i sak 033/23:

Osterøy kommune vedtek detaljregulering Haus sentrum sør – PlanID 46302020002 med 10 føresegner (dagsett 17.04.23), planskildring (dagsett 20.05.22) og plankart (dagsett 20.05.22) med tilhøyrande vedlegg. Det vert synt til plan- og bygningslova § 12-12.

Skildring av planen

Planområdet er om lag 7 daa og ligg sentralt plassert i Haus sentrum. Planframlegget legg til rette for at det kan etablerast ein lågblokk på felt BBB. Lågblokken vil erstatte Hetlandhuset og ein eldre einebustad på gbnr 62/19. For å sikre gode bumiljø er det krav til både privat og felles uteareal for nye bustadar. For felt BS (Kiwi-bygget) vert det ikkje lagt opp til endringar med tanke på grad av utnytting eller byggehøgde.

Det er regulert gode, gjennomgåande, løysingar for mjuke trafikantar gjennom heile planområdet. Mellom anna er det regulert fortau med ein bredde på 2,5 meter i fylkesvegen og langs felt BBB, gatetun mellom Thunestveitbygget og Kiwi-butikken, og fortau som koplar seg på regulert løysing ved kyrkja.

Det er i planframlegget opna for at det kan byggast nærmare fylkesvegen enn gjeldande regelverk tillat i felt BBB. Grunnen til det er at dette arealet er naudsynt med tanke på å få til ein fornuftig fortetting i området, i tillegg til at dagen situasjon er enda tettare på fylkesvegen. Det er låg fartsgrense i området så det vil vere lite støy frå vegen, i tillegg til at dagens tekniske krav til bygg har strenge krav i støysoner. Planen regulerer også ein ny innkøyring frå fylkesvegen til sentrumsområdet.

Det er rekkefølgjekrav om at avkøyrsla (og fortau) frå fylkesvegen skal vere gitt bruksløyve før det kan søkast om nye bygg på felt BBB. Ein ser ofte at det vert søkt om og satt i gang grunnarbeid før det vert søkt om løyve til nye bygg, noko som kan gjerast her utan at rekkefølgjekravet slår inn.

I tillegg er det eit nytt rekkefølgjekrav knytt til avkøyrsla mot Votlovegen for nye bygg i felt BS. På bakgrunn av merknad frå Vestland fylkeskommune. Dette rekkefølgjekravet er utanfor planområdet og ligg i plan «Haus sentrum. Gnr 62, bnr 69 mfl» PlanID 2009001.

Det er gjort endringar med tanke på rekkefølgjekrav til leikeareal da det er redusert frå 20 m2 pr bueining til 15 m2 pr bueining. I tillegg er det satt som eit krav for bustadar i felt BBB å løyse krav til leikeareal i felt o_BLK som er på 160 m2. Krav til leikeareal utover dette kan løysast ved å legge til rette for leik i gatetunet o_SGT. 

Illustrasjonsfoto som viser plankart over Haus sentrum sør.

Foto: Plankart Haus sentrum sør

Plandokument og vedtak

Vedlegg til planframlegget:

Om klage og verknad av plan

Vedtaket kan etter plan- og bygningslova §1-9 påklagast til Statsforvaltaren av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klage må vere framsett skriftleg til post@osteroy.kommune.no eller pr. brev til Osterøy kommune v/planavdelinga, Postboks 1, 5293 Lonevåg.

Klagefrist 23 .juni 2023.


Sist oppdatert: 31.05.2023
Publisert: 31.05.2023