HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering, høyring og offentleg ettersyn – Kommunedelplan for oppvekst - Merknadsfrist 06.08.19

Kunngjering, høyring og offentleg ettersyn – Kommunedelplan for oppvekst - Merknadsfrist 06.08.19

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §11-14 er framlegg til plan handsama i Formannskapet 15.05.2019 med slikt vedtak:

"Planen vert lagt ut på høyring med følgjande endringar i overskriftene:

Langversjonen vert kalla Kunnskapsgrunnlaget, kommunedelplan for oppvekst og kortversjonen vert kalla Kommunedelplanen for oppvekst. Handlingsdelen vert kalla Handlingdel, kommunedelplan for oppvekst."

Les heile saksframlegget her.

FRAMLEGG TIL PLAN

Planen set søkjelys på kva som er utfordringar og ulike behov hjå barn, unge og unge vaksne framover. Det gode arbeidet som allereie vert gjort i offentleg og frivillig sektor er difor ikkje omtala i planen. I utarbeidinga av oppvekstplanen har ein hatt fokus på tidleg innsats, folkehelse og livskvalitet. Tverrfagleg innsats ligg som eit berande og førande prinsipp i dei fleste tiltaka. I tillegg har planarbeidet tatt særleg omsyn til sårbare grupper og barnefattigdom.

Planen er utarbeidd av ei administrativ arbeidsgruppe beståande av 13 ulike fagfolk tilsett i kommunen, leia av ei prosjektgruppe på tre personar frå oppvekstsektoren og planavdelinga, med innspel frå ei politisk arbeidsgruppe på fem personar.

Planen er delt opp i tre dokument: kunnskapsgrunnlag, handlingsdel og planbrosjyre, med fokus på sju hovudtema:

1. Mangfald, inkludering og toleranse.
2. Relasjonar.
3. Psykisk og fysisk helse.
4. Læring.
5. Fysisk oppvekstmiljø.
6. Kultur og fritid.
7. Samfunnsengasjement og påverknad.

Kunnskapsgrunnlaget tek for seg kvart tema, med tilhøyrande målsetjingar, strategiar og tilrådingar. Kvart kapittel drøftar utfordringar knytta til satsingsområda både nasjonalt og lokalt.

Trykk her for å lese Kunnskapsgrunnlaget.

Planbrosjyra er ei komprimert og meir lettlest utgåve av kunnskapsgrunnlaget, utan kjeldehenvisningar.

Trykk her for å lese Planbrosjyra. 

Handlingsdelen inneheld strategiar og tiltak for korleis ein konkret skal arbeide med å imøtekoma dei utfordringane og måla som er skisserte i kunnskapsgrunnlaget. Handlingsdelen skal vurderast for revisjon årleg.

Trykk her for å lese Handlingsdelen. 

 

MERKNAD TIL PLAN

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast i Bygdanytt og på kommunen si heimeside. Lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg på kommunen si heimeside www.osteroy.kommune.no under høyringar og kunngjeringar, og til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset og Osterøy bibliotek.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan 6.august til e-post post@osteroy.kommune.no eller per brevpost til Osterøy rådhus, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Merknadsfrist er 06.08.19


Sist oppdatert: 12.06.2019
Publisert: 12.06.2019