HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering: Kommuneplanen sin samfunnsdel 2020-2030

Kunngjering: Kommuneplanen sin samfunnsdel 2020-2030

Planen var oppe til 1. gangs handsaming i Heradsstyret, sak 021/19, dagsett i 28.05.2019. Det vart samrøystes vedteke å leggje planen ut på høyring etter at vedtekne endringsframlegg var tekne inn i planen. Kommunen vart om lag samstundes med i KS-prosjektet «Samfunnsdelen som lokalpolitisk styringsverktøy». Rådmannen vurderte difor i brev datert 26.06.2019  at samfunnsplanen ikkje burde ut på høyring før etter at det er valt nytt heradsstyre slik at det nye heradsstyret vil få høve til å påverke prosessen for å oppnå ei betre kopling mellom handlingsdel og økonomiplan. Følgja var at Heradsstyret sitt vedtak ikkje vart gjennomført som planlagd, men vart utsett til etter kommunevalet i 2019. Planarbeidet vart teken opp att i 2020 med det nye heradsstyret. Det har vore gjennomført arbeidsmøte med Heradsstyret.

Planen som no ligg føre er ein omarbeidd og utvida versjon av planen frå 2019 der alle endringsframlegg frå sak 021/19 er bakt inn i planen saman med innspel frå politikarsamlinga  og faglege innspel frå sektorane. FN sine berekraftsmål, saman med folkehelse, klimaomsyn, samfunnstryggleik og samskaping utgjer dei overordna rammene for planen. Målstrukturen er endra slik at alle mål er knytt opp mot ein av dei tre overordna berekraftsmåla knytt til miljømessig, sosial og økonomisk berekraft:

 

Mål 1: Målretta miljø og klimapolitikk

Mål 2: Gode levekår og attraktive lokalsamfunn, og

Mål 3: Framtidsretta og mangfaldig næringsliv.

For samfunnsdelen 2020-2030 vil økonomiplanen, til anna vert vedteke, utgjere handlingsdelen til kommuneplanen sin samfunnsdel.  

Kommuneplanen sin samfunnsdel

Merknader og innspel kan sendast til post@osteroy.kommune.no, eller pr brev til Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg. Merk sendinga «samfunnsdelen».

Merknadsfrist er 30.april 2021.

 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med:

Plansjef Pelle Engesæter   pelle.engeseter@osteroy.kommune.no


Sist oppdatert: 30.04.2021
Publisert: 22.03.2021