Varsel om oppstart av planarbeid for «Interkommunal plan for sjøområda i Nordhordland»

Til varsel om oppstart er det utarbeidd framlegg til planprogram, som grunnlag for det vidare planarbeidet. I løpet av denne perioden for høyring og offentleg ettersyn er det opna for å gje:

  • Innspel til sjølve planprogrammet – kva tema og spørsmål det skal arbeidast med og korleis planprosessen kan gjennomførast
  • Innspel til arealbruk og utnytting for sjøområda i heile planområdet (alle dei 8 kommunane som deltek)

Planen skal vere ein arealplan for sjøareala, der heilskapen blir ivaretatt over kommunegrensene. Gjennom planarbeidet skal det utviklast langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i sjøområda. Planen skal munne ut i ein juridisk bindande plan på kommuneplannivå.

Det er mange interesser knytt til kystsona og sjøareala. Aukande konkurranse og interessekonfliktar kan gjere sjøareala utfordrande å forvalte. Kommunen har mynde over arealbruken i sjøområda etter pbl og hamne- og farvannslova, og ansvar for å skape føreseielege rammer. Til dette trenger kommunane eit godt styringsverktøy.

På heimesida til prosjektet (www.regionnordhordland.no) finn ein meir informasjon om prosjektet og høyringa.

Har du spørsmål eller ønskje om nærare avklaring knytta til planarbeidet kan du ta kontakt med:

 

Frist for å kome med innspel er satt til 10.05.2021.

Alle innspel må sendast til (uansett om du har fått det frå eigen kommune): e-post: post@nordhordland.net

I emnefeltet til e-post må du skrive: «Høyring Interkommunal plan sjøareal» Eventuelt kan innspel sendast til adresse: Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø

Kontaktperson i Osterøy kommune er Pelle Engesæter.


Sist oppdatert: 16.03.2021
Publisert: 12.03.2021