Jakt og fiske

Jakt 

Jegerprøven 

Kven kan ta jegerprøven?

Alle som er fylt 16 år og vil drive jakt og fangst, og som ikkje allereie er registrerte i Jegerregisteret, må bestå jegerprøven før dei utøver jakt, felling og fangst. For å bli registrert må du gjennomføre eit obligatorisk kurs på 30 timar, og du kan avleggje eksamen det kalenderåret du fyller 14 år.

Når kan du jakte?

Etter å ha gjennomført og avlagt eksamen for jegerprøven blir du registrert i Jegerregisteret, noko som gir deg rett til utøving av småviltjakt og fangst når du er fylt 16 år. Ved fylte 18 år kan du òg jakte på storvilt.

Slik går du frem

Jakt- og fiskelaget arrangerer kurs, som gjer at du kan gå opp til jegerprøveeksamen.

På heimesida til laget finn du meir informasjon om kurstider, prisar og korleis du går opp til eksamen.

Trykk her for å gå til kontaktinformasjon til medlem i Osterøy jakt- og fiskelag.

Trykk her for å gå til facebooksida til Osterøy jakt- og fiskelag. 

Småviltjakt

Småvilt kan jaktast med både hagle og rifle, og jakta kan utøvast av alle som har gyldig jegeravgift og løyve frå grunneigarane. Aldersgrensa for å utøve småviltjakt utan tilsynsjeger, er 16 år. Det er bare et fåtall av småviltartene det er lov å jakte på, og for alle jaktbare arter er det fastsatt jakttider.

Reglane for jakt på rype, og sal av jaktkort, kan variere mellom områda og frå sesong til sesong  Det er difor viktig å setje seg inn i kva som gjeld til kvar tid.

Les meir om småviltjakt på Miljødirektoratet sine nettsider.          

Skadefelling

Dersom hjortevilt volder vesentlig skade på skog eller innmark kan grunneier søke om skadefellingstillatelse. 

Les meir om skadefelling og korleis du søkjer fellingsløyve. 

Påkøyrsel og offentleg ettersøk

Dersom du er uheldig og køyrer på ein hjort eller anna vilt, er du pliktig å varsla. Den enklaste måten er å ringje politiet på 02800, som varslar vidare til ettersøksmannskapet. Det er ikkje straffbart å køyre på vilt, det viktigaste er å varsle om ulukka. 

Varsling er også viktig dersom det vert skader på bil. Forsikringsselskapa kan krevje stadfesting på at politiet eller kommunen er varsla om ulukka. Stadfesting får ein hjå kommunen.

Hugseliste ved påkjørsel

Dette må du gjere:

  • Sikre ulukkesstaden med varseltrekant og naudblink.
  • Ring 02800 for å varsle politiet med ein gong, slik at ettersøket kan starte så tidleg som mogleg og viltet unngår unødig plage.
  • Få oversyn over eventuelt skadde personar og ring 113 dersom dei treng hjelp.
  • Merk påkøyrselsstaden med eit viltband eller anna (tau, pose eller liknande).
  • Oppsøk lege viss du har smerter i nakke eller hovud etter påkøyrsel.

Ikkje gjer dette:

  • Ikkje følg etter det skada dyret sjølv. Det gjer arbeidet til ettersøkshunden vanskelegare.
  • Ikkje prøv å avlive viltet sjølv. Dette skal gjerast av kommunen.
  • Ikkje ta med deg eit påkøyrd og dødt vilt utan løyve.

 

Sjå Mattilsynet sine heimesider for meir informasjon om viltpåkøyrsel

 

Sett hjort

Osterøy kommune gjennomfører «Sett hjort»-registrering under jakta, der jegerane melder inn dyr som er sett og skote. Dette vert gjort gjennom «www.settogskutt.no» eller ved bruk av «Sett hjort»-skjema»

Les meir om «Sett hjort» og hjortejakta i Hjorteviltregisteret.  

Skadedyrsløyve

Ta kontakt med Martin Ivar Henden for spørsmål og korleis du søkjer.

Kommunen sine oppgåver i viltforvaltninga 
  • Høyringsinstans for sakar til behandling etter plan- og bygningslov, aktivitetar i marka samt viltlov
  • Administrere ettersøkslag / fallviltarbeid  - ved påkjørt og skada vilt
  • Felling av skadedyr
  • Fellingsløyver
  • Organisering og godkjenning knytta til jakt
  • Utarbeide jaktstatistikk
  • Generelle henvendingar frå publikum vedrørande viltspørsmål
  • Deler av hundelova; spesielt båndtvang. Kan gje pålegg om ekstraordinær båndtvang.

 

Fiske

På Osterøy er det fleire fiskevatn og elvar, og Loneelva med sin spesielle laks er den mest kjende.

Her må ein ha fiskekort for laks- og sjøaurefiske for å kunne fiske.

På heimesida til Lonevåg Sportsfiskarlag finn du informasjon om fiskekort og kontaktinformasjon. 

Trykk her for å gå til Lonevåg sportsfiskarlag si heimeside.

Fiskekart 

Kartet er utarbeida av Osterøy kommune, saman med Meland og Vaksdal kommune.

Målet med kartet er å gje den ukjende friluftsentusiast lett tilgang til detaljerte opplysningar om fiske og flotte naturopplevingar frå fjord til fjell ved Osterfjorden.

Dette er eit planleggingskart for å gje oversikt. Det vert i tillegg vist til eigne detaljkart for kvart område, og det finnes fleire opplysningar om dei einskilde områda på internett.

Klikk her for å opne kartet. 

Fiske etter laks og sjøaure

Loneelva

Loneelva er ei rik smålakselv, med laks på 1-2kg og sjøaure i underkant av 1kg. Elva dannar grunnlag for eit aktivt sportsfiskarlag med vel 200 medlemmer. Kontakt Lonevåg Sportsfiskarlag for informasjon om fiskekort. 

Innlandsfiske på Osterøy

Det er ikkje organisert fiskekortsal i Osterøy kommune. Fisket i alle vatna ligg på privat eigedom, og ein må difor kontakta næraste grunneigar for å høyra om fisket.

Det er fri fiske i dei fleste vatna som er rik på både aure og røye.

Sjå fiskekartet for oversikt over innlandsfiskevatn.  

Kontakt

Har du spørsmål, ta kontakt med 

Lars Johan Fjelde

Fagleiar landbruk


Sist oppdatert: 11.12.2018
Publisert: 13.11.2018