Skogbruk

Landbruksvegar

Kommunen handsamar søknadar om bygging av landbruksvegar. Du finn mykje informasjon om dette og søknadsskjema på Landbruksdirektoratet si heimeside. Det er viktig at du fyllar ut skjema fullstendig og har med så mykje informasjon om tiltaket som mogleg. Det gjer det lettare for kommunen å handsame søknaden. Kommunen har eigen sjekkliste for desse sakene. Her vil du sjå korleis kommunen handsamar søknadane og kva informasjon vi treng. Større vegprosjekt krev mykje oppfølging frå kommunen og kan medføre lang sakshandsamingstid. 

Les meir på landbruksdirektoratet sine sider her.

Du finn mykje informasjon her og: Landbruksvegar | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)

Sjekkliste kommunal sakshandsaming av skogvegsaker

Skogfond

Når du sel tømmer, har du som skogeigar plikt til å setje av midlar til eit skogfond.

Du vel sjølv prosentsatsen (4–40 prosent) alt etter investeringsbehovet du har på eigedommen. Når du tar ut pengar frå skogfondet til godkjende tiltak, blir 15 prosent inntektsførte, mens 85 prosent er skattefrie. Difor er det viktig å setje av nok pengar på fondet slik at du kan nyttiggjere denne økonomisk gunstige ordninga.

Du kan bruke skogfondmidlane til:

  • all form for skogkultur
  • underskott ved tynningsdrift
  • etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
  • nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
  • vedlikehald av skogsbilvegar
  • skogbruksplan
  • skogforsikring
  • grensearbeid i utmark
  • kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk osv.)
  • miljøtiltak
  • bioenergitiltak

Du finn informasjon om skogfondet og korleis du kan få utbetalt frå fondet på landbruksdirektoratet si heimeside Skogfond og skogfondkonto - Landbruksdirektoratet

Krav til deg

For at skogfondmidlar skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Investeringane og tiltaka må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege og ikkje i strid med regelverket.

Kva skjer vidare?

Vi behandlar søknaden din så snart som mogleg, og prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren i Vestland, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kva seier lova?

Les meir 

Vedhogst på kommunal grunn

I visse tilfelle kan du søke om å hogge ned nokre få trær på kommunal grunn i område kor det er nyttig for kommunen og innbyggarane å få rydda opp i skog og kratt.Dette gjeld om veden er til privat bruk. Ellers må du rekne med avslag.

Ulovlig felling av tre kan bli meldt til politiet, og vi kan krevje gjenplanting eller erstatning. 

Søknadar skal sendast til post@osteroy.kommune.no

Tilskudd til tettere planting og gjødsling av skog

Det er tildelt 29,04 mill. kroner til tettere planting ved forynging etter hogst og gjødsling av skog i 2021.
Ordningen har vært virksom noen år og forvaltning og praksis bør være kjent.

Tilskuddsatsene for 2021 er fastsatt som følger:

  • Gjødsling av skog: 40 %
  •  Tettere planting ved nyplanting: 60 %
  •  Suppleringsplanting: 30 %

Tilskuddsatsene er fastsatt på grunnlag av tildelingen og forventet aktivitet. 
Dersom søknadsmengden blir større enn tildelingen, kan satsene bli redusert. Det vil i tilfelle mest sannsynlig kunne skje i siste søknadsomgang.

Søknadsfrister:

  •  Gjødsling av skog: 15. september
  •  Tettere planting ved nyplanting: 1. august og 7. november
  •  Suppleringsplanting: 1. august og 7. november

For seint innkomne søknader vil ikke bli tildelt tilskudd.

Forvaltning, forutsetninger og vilkår for ordningen:

  •  Ordningen forvaltes av kommunene i tråd med reglene i NMSK-forskriften.
  •  Faglige råd, forutsetninger og vilkår for tilskuddet er ikke endret fra tidligere år.
  •  I restriksjonsområdet mot Skagerak er det åpnet for gjødsling av skog med slikt tilskudd igjen fra 2021, jf. tidligere orientering (8.1.2021).
Skogforyngingsprosjekt del 2

I åra 2017 -19 vart då hogge om lag 40 000 m3 med tømmer av ulike skogentreprenørar/tømmerkjøparar. Hogsten vart etterfylgt av eit foryngingsprosjekt som blei gjennomført sumaren 2020.

Mykje av dette skogarealet som vart hogge er diverre ikkje planta til att. Noko som har vore til stor bekymring for landbruksmyndigheiter i kommunen. Det vart difor sett i gang eit storstilt foryngingsprosjekt for å få dette arealet tilbake i produksjon. Landbrukskontoret i Osterøy kommune tok på seg oppgåva med å organisere dette arbeide.

I fyrste omgang vart det gjennomført ei registrering av alle skogeigarar som har avverka skog for denne perioden, men samstundes ikkje planta att hogstareala. Skogeigarane fekk gode tilrådingar for å setje desse areala i produksjon att.

Vegen vidare

No er vi klare med å gå i gang med del 2 for dette prosjektet og Gunnar Kleive er leigd inn for å hjelpe til med prosjektet. Arbeidet vil bli gjort i samarbeid med Marte Storebø frå Nortømmer og landbrukskontoret i Osterøy kommune. Statsforvaltaren i Vestland støttar opp om prosjektet.

Registreringane som er gjort, vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet vidare med forynginga.

Som førebuing til del 2 av prosjektet har vi og snakka med ein del av grunneigarane som har hogge skog i denne perioden.

I neste trinn vert det sendt ut ein invitasjon til skogkveld i februar eller tidleg i mars med informasjon og drøfting av korleis dette arbeidet kan gjerast og korleis ein kan nytte tilskotsordningar og skogfond for finansiering av desse tiltaka. Ein håpar å kunne tilby hjelp til planlegging av planting, tinging av plantar og formidling av plantearbeid.

Kontaktinfo:

Gunnar Kleive  tlf 48124668 mail gunnar.kleive57@gmail.com

 

Kontakt

Har du spørsmål, ta kontakt med 

Tore Johan Erstad

Leiar teknisk forvaltning og plan  


Sist oppdatert: 24.08.2023
Publisert: 13.11.2018