Næringsutvikling

Næringsfondet i Osterøy

Næringsfondet i Osterøy er eit verkemiddel for å fremje og styrke næringslivet i kommunen.

Vi støttar tiltak som går til bedriftsutvikling og bedriftsetablering og kommunen sitt eige arbeid med næringsutvikling.

Trykk her for å laste ned og lese retningslinene og sjå kva kriterer vi vurderer søknaden din etter.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til det elektroniske søknadsskjemaet vårt. 

Ønskjer du å diskutere om prosjektet ditt kan passe inn i retningslinene til næringsfondet?

Ta kontakt med Servicekontoret

Søknadsfrist

Vi har to søknadsfristar i året: 1. mars og 1. oktober. 

Industrikonsulenten på Osterøy

Som nyetablerar på Osterøy kan du nytte deg av rettleiingstenesta til Industrikonsulenten. Du kan få hjelp til alt frå forretningsidè til etablering og oppstart av eiga verksemd.

Indusrtrikonsulenten kan også hjelpe deg om du ønskjer å vidareutvikle ei eksisterande verksemd. Me har lang erfaring innan næringsutvikling og vidareutvikling av bedrifter.

Kontakt

Marton Ulstein

Klikk her for å lese meir om industrikonsulenten på Osterøy. 

Kom-an.no

Har du ein idè du vil utvikle?

Kom-an.no er nettstaden for eldsjeler og gründerar i Hordaland som treng hjelp for å kome i gang med ein bedriftsidé eller eit prosjekt.

Klikk her for å lese meir om kom-an.no

Osterøy kommune

Ordføraren og rådmannen prioriterar høgt å følgje opp dei som tek initiativ til etablering og utvikling av nye idèar. 

Ta kontakt med servicekontoret. 

Invest in Bergen

Invest in Bergen er finansiert av Hordaland fylkeskommune og følgjande kommuner: 
Askøy, Austrheim, Bergen, Eidfjord, Fedje, Fusa, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden.

Klikk her for å lese meir om Invest in Bergen.

Etablerersenteret i Bergen

Etablerersenteret i Bergen tilbyr kurs i etablering, rettleiing og nettverkstreff til gründere og oppstartbedrifter i Hordaland.

Klikk her for å lese meir om Etablerersenteret.


Sist oppdatert: 17.12.2018
Publisert: 13.11.2018