Kunnskapsprøven

Det er to kunnskapsprøvar:

  • Ein for salsbevilling eller salsløyve
  • Ein for skjenkebevilling eller skjenkeløyve

Alle kan ta kunnskapsprøvane.

Skal du søkje om å bli godkjent som styrar eller vikar for styrar på ein stad med sals- eller skjenkebevilling, må du først bestå prøven.

Kva er pensum?

Pensum for skjenkebevilling:

  • alkoholloven kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9
  • alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11, og 14
  • du skal også ha kjennskap til alkohollovas øvrige bestemmelser

Pensum for salsbevilling:

  • alkoholloven kapittel 1, 3, 7, 8 og 9
  • alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14
  • du skal også ha kjennskap til alkohollovas øvrige bestemmelser

Læremateriell (pensumhefte, nettkurs og test-deg-sjølv) kan du kjøpe på www.vinn.no

Alle lover og forskrifter finn du på www.lovdata.no.

Kva kostar det?

Prøva kostar 400 kroner.

Kvar tar du prøven?

Prøven kan du ta i kommunen. Ta kontakt med Servicekontoret for nærare informasjon. 

Korleis går du fram for å ta prøven?

Ta kontakt med Servicekontoret for å avtale tid.

Ta med legitimasjon for registrering og kontroll. Vi godtar pass, førerkort eller bankkort med bilde som gyldig legitimasjon.

Prøven er ein fleirvalsprøve på 60 minutt.

Prøven er på norsk. Det er lov å ta med ordbok.

Spesielle behov

  • Har du dysleksi, kan du ta kunnskapsprøven munnleg (du må ha legeattest).
  • Er du svaksynt, lam, har nedsett høyrsel eller andre utfordringar legg vi til rette så godt vi kan. Har du spesiellee behov, ta kontakt og gjer avtale med oss på førehand.

Kor mange gangar kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du klarar det. Det kostar 400 kroner kvar gang.

Prøvebevis

Alle som klarar kunnskapsprøven får eit prøvebevis. Det er det viktig å ta vare på beviset. Det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollovgivinga. Beviset er gyldig på ubestemt tid.

Kontakt

Har du spørsmål, ta kontakt med

Bente Skjerping 


Sist oppdatert: 03.09.2020
Publisert: 13.11.2018