HeimSkatt, næring og landbrukServerings-, sals- og skjenkeløyveSøkje skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Søkje skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Når må du søkje om skjenkeløyve for arrangement?

Du må søkje om skjenkeløyve dersom:

  • du leiger lokalet, tar betalt for alkohol eller når lokalet berre har serveringsløyve
  • du skal ha et arrangement som er ope for publikum, i lokale uten skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område

Du treng ikkje å søkje skjenkeløyve dersom:

  • du har eit lukka selskap med gjester du har ei tilknytning til. Til dømes er ei privat samling av menneske i eit lokale for ei spesiell anledning, som bryllup, bursdag, konfirmasjon, eller jubileum. Deltakarane må ha ei tilknyting til dei som inviterer til selskapet. 

Klubbar, medlemsmøte og liknande reknast ikkje som lukka selskap.

Slik søkjer du 

Du må søkje i god tid, minst 3 veker før arrangementet.

Du søkjer skjenkeløyve elektronisk.

Klikk her for å komme til søknadsskjema.

Du kan og skrive ut skjemaet og sende det til 

Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva kostar det?

Tildelt ambulerande løyve kr 390,- (lukka selskap). 

Skjenkeløyve til enkeltarrangement (gitt etter alkohollova § 1-6). Pris for løyvet frå kr 1.565,-

Krav til søkjar

Du som søkjer må vere over 20 år

Dersom søkjar ikkje skal vera ansvarleg for skjenkinga, må du skrive kven som skal vere ansvarleg. Skjenkeansvarlig må vere over 20 år. Skal du ha ein avløysar for skjenkeansvarleg, må han eller ho også vere over 20 år. Det er ikkje nødvendig med avløysar på mindre arrangement.

Skjenketider

Til løyvet er det knytt fastsatt skjenketid. 

Det er høve til å søkja om utvida skjenketid.

Skjenketidene er i samsvar med Alkohollova.

For meir informasjon, sjå Alkoholpolitisk handlingsplan for Osterøy kommune 2016-2020. 

Korleis får du svar på søknaden?

Svaret med vedtak vert sendt via brev, saman med faktura.  

Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan to veker.

Slik klagar du

Klagen sender du til 

Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

eller pr e-post til 

post@osteroy.kommune.no

Kontakt oss

Har du spørsmål, ta kontakt med

Servicekontoret


Sist oppdatert: 07.01.2021
Publisert: 13.11.2018