HeimSkule og utdanningEkstra norskundervisning

Ekstra norskundervisning

Elevar med anna morsmål enn norsk kan søkje om ekstra norskundervisning, slik at det blir lettare å følgje den ordinære opplæringa i skulen.

Vi gir dette tilbodet på alle grunnskulane våre i Osterøy kommune.

Slik søkjer du

Ta kontakt med skulen der eleven går. Skulen skal gi deg informasjon og hjelpe deg med å søkje. 

Skulen skal kartleggje kva kunnskap eleven har i norsk før vedtak blir gjort. Slik kartlegging skal også skje undervegs i opplæringa for å finne ut om eleven har tilstrekkeleg norskkunnskap til å følgje den vanlege undervisninga. 

Kven kan få tilbodet?

  • Eleven må ha anna morsmål enn norsk og samisk
  • Det må vere eigna undervisningspersonale i kommunen (dette gjeld morsmålsundervisning og tospråkleg fagopplæring)

Kva undervisning kan du få?

  • Ekstra norskopplæring i grunnleggjande norsk, til dømes gramatikk, støtte ved lese og skrivevansker. 

Kva seier lova?

Trykk her for å lese om særskilt språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar i Opplæringslova §2-8.


Sist oppdatert: 10.12.2018
Publisert: 18.06.2018