HjemSkule og utdanningKvalifisering og undervisning for vaksne

Kvalifisering og undervisning for vaksne

Me tilbyr norskundervisning på dag og kveld. Kveldsundervisninga er ein dag i veka.

Ta kontakt på telefon 56 19 27 52 eller send e-post til kjersti.ane.ostvik@osteroy.kommune.no. 

Grunnskule for vaksne

Har du ikkje grunnskule frå Norge eller tilsvarande frå eit anna land? Då har du rett på grunnskuleopplæring. Med vitnemål frå grunnskulen, kan du søke om plass på ein vidaregåande skule.

Alle med innvandrarbakgrunn, må ha norsk personnummer og rett på opphald for å få tilbod om grunnskule for vaksne. Du må også ha folkeregistrert adresse i Osterøy kommune.

Fag på grunnskulen:

  • norsk
  • engelsk
  • matematikk
  • naturfag
  • samfunnsfag

Slik søkjer du

Ta kontakt med oss på telefon 56 19 27 52 for å søke.

Vi hjelper deg med å fylle ut søknadsskjema.

Søknadskjema finn du her. 

Søknad fylles primært ut på nett, men opplæring i digital dugleik må  søkast om på papir.

 

Søknadsfrist

Du kan søkje heile året, men det er gunstig med oppstart enten i august eller januar. Dei som ynskjer plass, bør difor ta kontakt seinast i løpet av mai eller november.  

Kva kostar det?

Dei fleste tilboda er gratis. 

Treng du spesialundervisning?

Trykk her for å lese meir om spesialundervisning for vaksne på grunnskule.

Kurs i grunnleggande ferdigheiter

Treng du grunnleggande opplæring i lesing og skriving, rekning eller digitale ferdigheiter?

Du har rett til å få denne opplæringa frå kommunen utan å ta heile fag. Målet med opplæringa er å hjelpe deg til vidare utdanning eller jobb.

På kurset får du opplæring i å:

  • lese og skrive
  • rekne
  • bruke data og internett
  • uttrykke deg munnleg

Slik søkjer du

Ta kontakt med oss på telefon 56 19 27 52 for å søke.

Vi hjelper deg med å fylle ut søknadsskjema. Søknad fylles primært ut på nett, men opplæring i digital dugleik må  søkast om på papir.

Søknadsfrist

Du kan søkje heile året, men det er gunstig med oppstart enten i august eller januar. Dei som ynskjer plass, bør difor ta kontakt seinast i løpet av mai eller november. 

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Krav til søkjar

  • Treng opplæring på grunnskulen sitt område
  • Du har ikkje rett til vidaregåande opplæring
  • Du vere over opplæringspliktig alder
  • Du må ha behov for opplæringa. Du må grunngje at du treng det du søkjer opplæring i.
Kurs i norsk og samfunnskunnskap

Vi tilbyr norskkurs på alle nivå. Kursa er både for deg som har rett til gratis norskopplæring og deg som må betale kursa sjølv.

Slik søkjer du

Du søkjer elektronisk her.

Synes du det er vanskeleg å fylle ut skjemaet? Ta kontakt, så kan vi hjelpe deg.

Kva kostar det? 

Ta kontakt for informasjon om prisar. 

Krav til søkjar

Vi krev ikkje ekstern dokumentasjon, søknadsskjemaet er eit egenrapporteringsskjema.

50 timar samfunnskunnskap

Vil du søke om permanent opphald eller norsk statsborgarskap? Vi tilbyr kurs i samfunnskunnskap.

Slik søkjer du

Du søkjer elektronisk her.

Synes du det er vanskeleg å fylle ut skjemaet? Ta kontakt, så kan vi hjelpe deg.

Kva kostar det? 

Ta kontakt for informasjon om prisar. 

Norskprøver

Har du gått på norskkurs og ønskjer å ta ei prøve? Då må du hugse å melde deg på.

Norskprøven har ein skriftleg del og ein munnleg del.

Den skriftlege delen testar kor god du er til å lytte, lese og skrive. Den munnlege delen har både oppgåver du må løyse åleine og oppgåver du skal løyse i samtale med andre.

Norskprøver vert avvikla i samarbeid med Alver vaksenopplæring fire gongar i året, og kandidatar må til Knarvik for å ta dei munnlege prøvene.

Les meir om norskprøver her.

Slik søkjer du

Ta kontakt med oss for påmelding og meir informasjon. 

Samfunnskunnskapsprøver

Har du gått på kurs og ønskjer å ta ei samfunnskunnskapsprøve? Då må du hugse å melde deg på.

Prøven varar i 60 minutt, og skal vere på eit språk som du forstår godt. 

Resultatet på prøven er anten «bestått» eller «ikkje bestått». Vi sender prøvebeviset ditt i posten seinast to veker etter at du har tatt prøven.

Les meir om samfunnskunnskapsprøver her.

Prøven vert avvikla på Hauge på Osterøy. 

Slik søkjer du

Ta kontakt med oss for påmelding og meir informasjon. 

Statsborgarprøve

Les meir om statsborgarprøven her. 

Prøven vert avvikla på Hauge på Osterøy.

Slik søkjer du

Ta kontakt med oss for påmelding og meir informasjon.

Språkkafè på Osterøy

Biblioteket har saman med Osterøy integrering- og læringssenter språkkafè jamleg gjennom skuleåret.

Gå til facebooksida for meir informasjon.

Kontakt oss / Contact us

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.00 og 14.00.

Leiar/Leader Trude Tomren

Besøksadresse

Haugo 70

5281 Valestrandfossen 

Sjå kart / show map

Postadresse

Osterøy integrerings- og læringssenter

Postboks 1

5293 Lonevåg

Tilsette / Employees

Trude Tomren

Leiar

Kjersti Ane Østvik

Merkantil medarbeidar

Integrering

Anne Marie Bysheim Vevle

Prosjektleiar busetting

Stina Marie Neset

Silje Søvik Kårdal

Prosjektleiar busetting

Lisbeth Mjelde Åsheim

Introrettleiar

Karina Tønjum

Introrettleiar

Mina Helene G. Bleikli

Introrettleiar

Lærarar

Astrid Eikemo Waring

Gunvor Skahjem

Joseph Akonga

Kjersti Vik

Nelia Steine

Dennis Alexander Askeland

 


Sist oppdatert: 04.01.2024
Publisert: 02.11.2018