HeimSkule og utdanningFamiliens hus

Familiens hus

Familiens hus på Osterøy består av fire kommunale tenester som skal bistå barn og unge i alderen 0-18 år og deira familie. Desse tenestene er PPT, Barn og familieteamet, Barneverntenesta og Helsestasjon/skulehelsetenesta.  

Tenestene arbeider uavhengig av kvarandre, og har ulike hjelpetilbod. Alle tenestene har teieplikt, og det er teieplikt mellom tenestene.

Alle kan ta direkte kontakt med dei enkelte tenestene.

Er du usikker på kva teneste du skal kontakte, kan du ringe Osterøy kommune ved Familie- og omsorgssentertet på telefonnummer: 56 19 24 00, og spørje etter Familiens Hus. Du vil då få snakke med ein av dei tilsette, som vil hjelpe til med å få kontakt med rett teneste.

Barneverntenesta

Har du ei bekyringsmelding til barnevernet? Sjå her.

Barneverntenesta har som føremål å sikre at born og unge som lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling kan få rett hjelp til rett tid. Tenesta har og eit særleg ansvar for å avdekke omsorgssvikt, åtferdsvansker og sosiale problem, slik at hjelpetiltak kan bli iverksett så tidleg som muleg. 

Hjelpetiltaka kan til dømes vere støttekontakt, besøksheim, barnehage, skule- og fritidsordning, tilsyn eller hjelp i heimen. I nokre saker  kan det vere aktuelt med tiltak som omfattar institusjonar og fosterheimar.

Barnevernet har eit omfattande samarbeid med andre offentlege og private tenester som arbeider for barn og ungdom. Dei næraste samarbeidspartane er barnehage, skule, PPT og det statlege barnevernet.

Kontakt oss

Leiar for barneverntenesta

Jane Kollvangsnes Tønjum

Kontortid: Måndag - fredag frå klokka 08.00 til kl. 15.30.

Utanom kontortid, ta kontakt med vakthavande politi: 97 74 56 00

eller politi 112

Helg og heilagdagar, kontakt barnevernvakten i Bergen
Barnevernvakten: 55 36 11 80

Resepsjon Familie- og omsorgssenter

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

PP - tenesta er ein medhjelpar til barnehage og skule i deira arbeid med å leggja opplæringa betre tilrette for barn, unge og vaksne med særlege behov.

Vår praksis er forskingsbasert og vi arbeider systematisk med kompetanse – og organisasjonsutvikling.

Osterøy PPT arbeider førebyggande og nært med våre samarbeidspartnarar med fokus på inkludering.

Vi er tett på barnehagar og skular, og har organisert oss som kontaktpersonar. Formålet med dette tiltaket er å komme tidleg inn for å kunne bidra til at kvaliteten på det ordinære tilbodet aukar.

Gjennom blant anna vårt sakkunnige arbeid ynskjer  vi å bidra til å heve kvaliteten på det spesialpedagogiske tilbodet.

PPT er ein drøftingspartnar og samarbeider med skule, foreldre og elevane knytt til læringsmiljøet som gjeld tryggleik og trivsel på skulen.

I barnehagen er PPT oppteken av å delta i arbeidet med utvikling av gode barnehagemiljø, som fremjer eit inkluderande og stimulerande miljø kor alle born skal oppleve å bli sett og inkludert i leik. 

Den einskilde barnehage og skule kan hjelpe deg til å ta kontakt med PPT, eller du kan ta direkte kontakt sjølv.

Kontakt oss

Konstituert leiar for PP-tenesta

Kristine Lavik

PP-rådgjevar

Bente Svenheim

Ann Mari Lian

Silje Østreim

Barn og familieteamet 

Barn og familieteamet er eit gratis hjelpetilbod for born og unge i alderen 0-18 år, og deira føresette. Barn og familieteamet tilbyr blant anna råd og rettleiing i forhold til foreldrerolla og utfordringar i heimen, samtalar, parterapi og individuell hjelp for ulike psykiske vanskar.

I tenesta arbeider det miljøterapeutar, familieterapeutar og psykologar.

Ein kan kome i kontakt teamet ved å ta direkte kontakt, eller få hjelp til dette gjennom skule, barnehage, helsesøster, lege eller andre.

Leiar for Barn og familieteamet

Else-Magrethe T. Aarland

Besøksadresse: 1.etasje i Familie- og omsorgssenteret. 

Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg

Vis i kart

Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep

Konsultasjonsteamet er ei tverretatleg samansett gruppe som gjev råd og rettleiing i sakar som gjeld vald og seksuelle overgrep.

Les meir om konsultasjonsteamet, og sjå deira møteplan. 

Kontakt oss

Ring oss, og så fyller vi ut tilvisningsskjema saman over telefon. Du finn tilvisningsskjemaet her.

Koordinator for konsultasjonsteamet

Jenny Ann Burkeland

 

Helsestasjon og skuleheletenesta
Jordmortenesta

Kontakt oss

Leiar Familiens hus

Bettina Bøtker Nordahl

Besøksadresse: 

Post- og besøksadresse:

Fotlandsvegen 27

5282 Lonevåg

Vis i kart 

Rapportskjema

Ulike rapportskjema finn du her

Sist oppdatert: 11.11.2019
Publisert: 22.11.2018