HeimSkule og utdanningSkulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordning (SFO)

Skulefridtidsordning (SFO) er eit tilbod til:

  • elevar i 1.-4. klasse
  • barn med særlege behov i 1.-7. klasse

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. mai. Alle som søkjer innan fristen skal ha plass på SFO.

Søkjer du etter søknadsfristen, kjem du på ei venteliste.

Slik søkjer du

Søknad sender du via elektronisk skjema.

Du må krysse av for om du vil ha SFO i 10 (ved skulestart) eller 11 månader (frå 1. august).

Kva kostar det?

Foreldre kan velje /betale for eit skulefritidsår som er på 11 månader rekna frå den 01/8 til 30/6 - eller for 10 månader rekna frå skulestart i august og til skuleslutt i juni.

Pris

  • Mindre enn 9 timar i veka: 1395 kroner pr månad
  • 9 til 15 timar i veka: 1695 kroner pr månad
  • Meir enn 15 timar i veka: 1995 kroner pr månad

Søskenmoderasjon

Me har ikkje søskenmoderasjon.  

Kva barneskular har SFO?
  • Fotlandsvåg skule
  • Haus skule
  • Lonevåg skule 
  • Valestrand skule
Opningstid

Opningstid SFO i Osterøy er open 11 månader i året. SFO er stengt i juli månad og opnar 1. august 2018 med eit tilbod 7.5 timar dag fram til skulestart. SFO vil vere stengt i skulen sine planleggingsdagar og haust, jule- og vinterferie. 

Sjå skulen si skulerute for 2018/2019 med informasjon om skulane sine planleggingsdagar og fridagar. 

Sei opp plassen din

Barn som har fått SFO-plass er påmelde til dei sluttar i 4. klasse, eller til dei seier opp plassen skriftleg. Oppseiingsfristen til neste skuleår er 1. april.

Du seier opp plassen din elektronisk her.

Kontakt oss

Fotlandsvåg skule

Opningstider:

  • Før skulestart: Klokka 07.30 - 08.30
  • Etter skulestart: Klokka 13.00 - 16.30 (prøveordning ut juni 2019).

Haus skule

Opningstider: 

  • Før skulestart: Klokka 07.30 - 08.15
  • Etter skuleslutt: Klokka 12.55 - 16.30

Lonevåg skule

Opningstider:

  • Før skulestart: Klokka 07.30 - 08.30
  • Etter skuleslutt: Klokka 13.00 - 16.30 ( tysdag og torsdag 14.00 - 16.30) 

Valestrand skule

Opningstider:

  • Frå 1.august: Klokka 07.30 - 15.00
  • Frå skulestart: Klokka 07.30 - 16.30
Om tilbodet

Formålet med SFO er å gi elevane eit trygt tilsyn før og etter den obligatoriske skuledagen. Vi legg vekt på omsorg, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Barna får ta ansvar for kvarandre og felles oppgåver.

SFO skal stimulere barn til å bruke og utvikle evner og anlegg og i samabreid med heim og skule, gi dei eit godt gurnnlag til å bli sjølvstendige, tolerante og skapande menneske.

  • Eit tilbod på skulen før og etter skuletid
  • Eit tilbod på skulen i nokre av skulen sine feriar
  • Du vel sjølv kor mange timar du ønskjer kvar veke. Skulane har ulike tilbod. Ta kontakt med skulen din for å høyre kva timetal du kan søkje på.
Vedtektene våre

Trykk her for å laste ned Osterøy kommune sine vedtekter for SFO.

Kva seier lova?

Sist oppdatert: 06.03.2019
Publisert: 02.11.2018