HjemSkule og utdanningSkulestart og skulekrinsar

Skulestart og skulekrinsar

Informasjon om skulestart

Skulane sender kvar vår brev til føresette om innskriving av nye førsteklassingar, informasjon om førskuledagar og skulestart i 1.klasse.

Om du til dømes har flytta eller av andre årsaker ikkje har fått tilsendt informasjon, ta kontakt med skulen. 

Sjå kontaktinformasjon til alle skulane.

For å sikre ein god og trygg overgang frå barnehage til skule for barnet ditt, vil barnehagen be om at du signerer eit samtykkeskjema som gir avdelingsleiar i barnehagen lov til å dele informasjon med kontaktlærar på barneskulen.

Har barnet ditt spesielle behov, tar skulen initiativ til ei eiga vurdering ilag med deg som føresett for å sjå på moglege tiltak.

Kva skule høyrer barnet ditt til?

Send ein e-post til post@osteroy.kommune.no dersom du lurer på kva skule barnet ditt soknar til.


Sist oppdatert: 19.04.2024
Publisert: 18.06.2018