Vassforsyning

Vassverka våre

Hovudmålet til VA-avdelinga i Osterøy kommune, er å sikre at innbyggjarane får nok reint vatn, og at vi har nok vatn til å sløkkje eventuelle brannar.

Oversikt over vassverka våre:

  • Daltveit vassverk er hovudvassverk og leverer vatn til abonnentar i Lonevåg, Valestrand, Hauge, Revheim og Småland.
  • Bruvik vassverk forsyner Bruvik og Ulvsnesøya.
  • Fotlandsvåg vassverk forsyner Fotlandsvåg,Tysse og Hosanger.
  • Haus vassverk forsyner Votlo, Haus og Viknå.
  • Hamre vassverk forsyner Hamre.
  • Raknes vassverk forsyner Raknes og Hjellvik.
  • Gjerstad vassverk forsyner Gjerstad.

Det er ikkje lov å forureine vasskjeldene (og tilsigsområda) som vert nytta til drikkevatn. Det er difor viktig at publikum følgjer retningslinene til kommunen. Les og følg det som står på informasjonstavlene ved vatna!

Kokevarsel

Oppstår det uønska hendingar, som førar til ureining av drikkevatnet ditt, vil Osterøy kommune sende kokevarsel på tekstmelding til mobilen din eller lese inn ei talemelding til fasttelefonen din.

Vi sender berre kokevarsel når vi ikkje er heilt trygge på vasskvaliteten, og ønskjer å verne deg og dei andre abonnentane mot ei eventuell smittefare.

Grunnar til at vatnet kan vere hygienisk utrygt i ein periode, kan til dømes skuldast brot på ei vassleidning eller svikt i vasshandsaminga ved vassverket.

Lurar du på korleis du skal handtere eit kokevarsel?

Trykk her for å laste ned gode råd frå Folkehelseinstituttet og Mattilsynet.

Vi må ha to «gode» prøvar på rad, før vi kan oppheve eit kokepåbod.

Vaskemaskin og oppvaskemaskin

Kjem det eit gråkvitt belegg på glasa du vaskar i oppvaskmaskina di? Synes du det skummar lite i vaskemaskina? Då kan det hende du har det fagfolka kallar for «hardt vatn».

Les manualen til vaskemaskina eller oppvaskmaskina di, for å sjå kva tiltak du eventuelt skal gjere. Normalt er rådet å tilsetje salt.

I Osterøy kommune har følgjande vasskjelder middels hardt vatn:

  • Gjerstad

Ønskjer du å lese meir om hardt vatn og drikkevatn – trykk her.

Vasskvaliteten på vassverka våre

Drikkevatnet vert handsama for å oppfylle krava i Drikkevassforskrifta frå 2001. Det er ulik behandling av vatnet ved dei ulike vassverka, og dette vert bestemt ut frå kvaliteten på råvatnet (vasskjelda).

Kvaliteten ved dei ulike vassverka er normalt god. Vasskvaliteten vert nøye overvåka, både med eigne driftsprøvar og vassprøver, som vert analysert av eit eksternt laboratorium. Kor ofte prøvane vert tekne og kva analysar som vert utført, vert regulert av Drikkevassforskrifta og godkjent av Mattilsynet. 

Får du vatn frå ei brønn, og lurar på om vatnet er reint og trygt?

Folkehelseinstituttet har laga ei brosjyre om "Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta". Trykk her for å laste ned brosjyra.

 

 

 


Sist oppdatert: 30.11.2018
Publisert: 08.11.2018