HeimVeg, vatn, avlaup og bossVegAvkøyring frå kommunal veg

Avkøyring frå kommunal veg

Skal du byggje eller endre ei avkøyring frå kommunal veg, må du søkje Osterøy kommune om løyve til dette. Dersom du skal auke bruken av ei avkøyring, til dømes ved å byggje fleire bueiningar må du også søkje. 

Før du søkjer

I område utan reguleringsplan eller der avkøyringa ikkje visar i reguleringsplanen blir søknaden din handsama av vegavdelinga. I område med reguleringsplan der avkøyringa visar på plankartet blir søknaden handsama av byggjesaksavdelinga. Vi ber difor om at du spesifiserar om du skal byggje i eit regulert eller uregluert område, når du fyller ut søknadsskjemaet.

Dersom siktsona blir plassert på naboen sin eigedom må du ha ein skriftleg avtale med grunneigar om dette. Du bør tinglyse avtalen som eit hefte på eigedomen og sende avtale til oss saman med søknaden.  Dette er viktig for å sikre at det i ettertid ikkje kjem hindringar i siktsona. Slike hindringar kan til dømes vere byggverk, mur eller hekk.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned skjema for å søkje avkøyrsle frå kommunal veg.

  • Fyll ut søknadsskjema
  • Legg ved ei skildring av det planlagte tiltaket
  • Legg ved situasjonskart i målestokk 1:500. Du må teikne inn avkøyringa med breidde, svingradius, siktsone,  parkering og snuareal.
  • Teikningar av lengdeprofilen til avkøyringa skal vere i målestokk 1:500/1:100
  • Ei eventuell privat avtale mellom deg og grunneigar om etablering av siktsone på annan manns grunn.

Søknaden sender du på e-post til post@osteroy.kommune.no.

Du kan også sende søknaden med posten til: 

Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Skal du søkje om ny avkøyring, endra avkøyring eller utvida bruk av avkøyring til fylkesveg eller europaveg, må du ta kontakt med Statens vegvesen. Det gjeld når avkøyringa ikkje går fram av gjeldande reguleringsplan.

Trykk her for å gå til søknadsskjemaet til Statens vegvesen.  

Krav til søkjar

Trafikktryggleiken til alle brukarane av ein kommunal veg må vere ivaretatt. Du må utføre alle tilpassingar til kommunal veg og fortau på eigen grunn. Tilpassinga må ikkje gå utover teknisk standard og funksjon på vegen.

Vi gir løyve til avkøyring på vilkår om at avkøyringa blir opparbeidd i samsvar med tekniske krav som er fastsett av vegdirektoratet. Vi stiller mellom anna krav til utforming av avkøyringa, sikt, svingradius, drenering og at du skal snu på eigen grunn.

Når du skal utvide eller endre bruken av eksisterande avkøyring, må du følgje dei same krava som for byggjing av ny avkøyring.

Kva skjer vidare?

Vi behandlar alle komplette søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss. Sender du ein søknad til byggjesaksavdelinga vår, gjeld eigne fristar.

Kva seier lova?

Viktige paragrafar i veglova:

  • Etablering av avkøyrsel etter veglova (§ 40) eller i medhald av reguleringsplan etter plan- og bygningslova.
  • Krav til oppbygging av avkøyrsel (§ 43)

Viktige forskrifter og vegnormalar

Kontakt oss

Har du spørsmål, ta kontakt med 

Andreas Sylta 


Sist oppdatert: 28.11.2023
Publisert: 08.11.2018