HjemBarnehagane våre

Barnehagane våre

Fotlandsvåg barnehage (kommunal)

Styrar: Kristi Haukaas

E-post: fotlandsvag.barnehage@osteroy.kommune.no

Telefonnummer til avdelingane:

Besøksadresse:

Osterøyvegen 2691

5283 Fotlandsvåg

Sjå kart. 

Om barnehagen

Fotlandsvåg barnehage ligg i sentrum av Fotlandsvåg og er næraste nabo til Fotlandsvåg skule.
Barnehagen ligg fint til og vegen til skog og mark og flotte turområde er kort.
Barnehagen gjev plass til born frå 1- 6 år.

Hauge barnehage (kommunal)

Styrar: Merethe Mongstad Kvamme

Telefonnummer til avdelingane:

Besøksadresse:

Haugo 56

5281 Valestrandsfossen

Sjå kart.

Om barnehagen

Hauge barnehage har fire avdelingar og held til i eit flott bygg sentralt på Hauge.

Visjonen vår: Saman gjer vi kvarandre gode.
Vi har fokus på å skapa gode relasjonar og å visa omsorg for kvarandre i daglegdagse situasjonar.

Vårt satsingsområde er natur og friluftsliv. Naturen er ein unik læringsarena og ein god arena for utvikling av sosial kompetanse. Vi har eit stort og flott uteområde med variert terreng. I skogen eit stykke frå barnehagen har vi leirplass som er lagt tilrette for leik og aktivitet året rundt.

Haus barnehage (kommunal)

Styrar: Berit Karin Vik

Telefonnummer til avdelingane:

Besøksadresse:

Haus

5286 HAUS

Sjå kart.

Om barnehagen

Haus barnehage ligg ved Mjeldavatnet i Haus sentrum, og vegen er kort til skog og sjø. Barnehagen har fire avdelingar.

Lonevåg barnehage (kommunal)

Styrar: Kari Vevle Reigstad

E-post: lonevag.barnehage@osteroy.kommune.no

Spesialpedagog Kristin Bergan 

Telefonnummer til avdelingane:

Besøksadresse:

Rambergsvegen 213

5282 Lonevåg

Sjå kart.

Om barnehagen

Lonevåg barnehage er ein 6 avdelings barnehage som ligg på Hatland like ved Lonevåg sentrum. Barnehagen ligg fint til med kort veg til skog og turområde.

Lonevåg barnehage skal vera ein stad som gjev borna tryggleik og utfordringar, tilpassa deira alder og funksjonsnivå. Borna skal oppleva trivsel, glede og humor gjennom leik og læring saman med andre born og vaksne.

Visjon: Rom for alle. Blikk for den enkelte.

Mjøsdalen barnehage (kommunal)

Styrar: Siri Vaarvik

Telefon: 56 19 27 46

E-post: mjosdalen.barnehage@osteroy.kommune.no

Besøksadresse:

Tveitavegen 65

5282 Lonevåg

Sjå kart.

Om barnehagen

Mjøsdalen barnehage har ein avdeling med born i alderen 1 - 6 år.
Mjøsdalen barnehage er næraste nabo til Hosanger Montesorriskule, og barnehagen har stort og tilgjengeleg uteområde.

Valestrand barnehage (kommunal)

Styrar: Kristin Haukaas

Telefonnummer til avdelingane:

Besøksadresse:

Eidsbakkane 42

5281 Valestrandsfossen

Sjå kart.

Om barnehagen

Valestrand barnehage er ein 2 avdelings barnehage som ligg like overfor fergekaien.

Me har kort veg til Bullahuset og Lavvoen vår.

Det er laga til eit fint uteområde rundt lavvoen der barna kan leika og boltra seg med ulike aktivitetar.

Barnehagen gjev barna utfordringar tilpassa alder og funksjonsnivå.

Visjon: Saman får me verdas viktigaste verdiar til å veksa.

Osterøy gårds- og friluftsbarnehage AS (privat)

Styrar: Arny-Sissel Myking Horsås

Besøksadresse:

Vevlevegen 213

5281 Valestrandsfossen

Sjå kart.

Om barnehagen

Barnehagen held til på eit gardsbruk på Vevle, om lag midt mellom Lonevåg, Valestrand og Haus.

Me har lyse fine innelokale, lavvo, og naturen rundt oss på alle kantar. Me er mykje ute i skog og mark der me leikar, byggjer hytter og gjer andre aktivitetar. Bål og mat ute er kjekt. Det er eit mål å læra enkle teknikkar som å byggja bål, og bruk av sag og kniv.

I tillegg til arbeidet med dei 7 ulike fagområda rammeplanen legg opp til så tilbyr me stell og omsorg for dyr. Me har flor med ponni, sauer, høner, hane, og marsvin.
Me dyrkar poteter, grønsaker, bær og frukt, og me har slåttonn med hesjing og hausting av høy. Det er eit mål å ta opp og læra om tradisjonar som høyrer heime på ein gard, samt å bruka det me haustar inn.

Osterøy Gårds og Friluftsbarnehage A/S gjev tilbod til born i alderen 1 – 6 år. Me har ikkje avdelingar, men deler oss i grupper, dels etter alder, men og etter aktivitet eller interesse.

Reppen barnehage (privat)

Styrar: Sylvelin Bernes

Besøksadresse:

Eidsgotene 53

5281 Valestrandsfossen

Sjå kart.

Om barnehagen

Reppen barnehage er ein privat barnehage og er eigd av Mallika Håland. Me er ein barnehage med to basar. Jungelen er basen til barna frå 0-3 år og Sumpen er for dei eldste barna, 3-6 år. Opningstida er kl. 06.45-17.00, måndag til fredag.  Me har felles opptak med kommunen og føl satsane til kommunen.

Vår visjon er : TRYGGE, GLADE BARN - LEIK OG LÆRING HAND I HAND

Les meir på Reppen barnehage sine heimesider.

Vedtekter for kommunale barnehagar

Klikk her for å lese vedtekter for kommunale barnehager i Osterøy kommune.

Kvalitetsplan for barnehagane på Osterøy 2019-2022


Sist oppdatert: 09.01.2024
Publisert: 18.06.2018