HeimLedige stillingar

Ledige stillingar

Takk for at du vil søkja stilling i Osterøy kommune!

Osterøy kommune er den største arbeidsgivaren i kommunen og har stillingar innan ulike felt, til dømes arbeid i skule og barnehage, pleie og omsorg, arbeid innan teknisk drift og forvaltning og til administrasjon.

Her kan du sjå kva ledige stillingar vi har i Osterøy i dag!

Sjå oversikt over ledige stillingar her.

Vil du søkja ein av dei ledige stillingane i Osterøy kommune? Merk følgjande:

  • Alle søkjarar vert sterkt oppmoda om å nytta det elektroniske søknadsskjemaet. I tillegg til at det lettar sakshandsaminga, er du sikra at alle opplysningar du oppgir i søknaden, kjem med på søkjarlista.
  • Er du førstegongssøkjar, må du sjølv oppretta brukarnamn og passord for å logge deg inn. 
  • Arbeider du i kommunen frå før, loggar du deg inn på vanleg måte i Visma/ meg sjølv.
  • Attestar og vitnemål kan lastast opp som vedlegg i søknaden, men det er like greitt at du tek dei med til eit eventuelt jobbintervju.
  • Til stillingar som inneber at ein arbeider med born, psykisk funksjonshemma menneske og helse og omsorg krev vi politiattest. Søknadsskjema og rettleiing for slik attest finn du på www.politiet.no
  • Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli gjort kjent gjennom offentleg søkjarliste.
  • Treng du elles hjelp til registreringa, kan du ta kontakt med personalavdelinga i kommunen. Ring servicekontoret 56 19 21 00, og dei vil setja deg over.

 

Kjem du ikkje inn på oversikta over dei ledige stillingane?

Ring servicekontoret på Rådhuset på telefon 56 19 21 00, og be om å få snakka med ein rådgjevar på personalavdelinga.

Verkar ikkje det elektroniske søknadsskjemaet?

Verkar ikkje systemet slik det skal, ring servicekontoret på Rådhuset på telefon 56 19 21 00, og be om å få snakka med ein av sakshandsamarane våre på personalavdelinga. 

Lærlingar, open søknad og ferievikar

Lærling

Vi plar søkja etter lærlingar i barne-/ungdomsarbeidarfaget og helsefagarbeidarfaget kvar vår i februar/mars.

Andre fag kan og førekoma.

Dersom du vil søkja lærlingestilling, brukar du den same framgangsmåten som er forklart i punkta øvst på sida. 

Open søknad på stilling

Dersom du ønskjer å senda inn ein open søknad, kan du gjera det på mail eller med eit brev. Du skal likevel vita at slike søknader ikkje vil bli «lagt på vent» til ein passande stilling skulle dukka opp. Du må søkja direkte på dei utlyste stillingane slik vi har forklart i punkta øvst på sida. 

Rådet vårt vert difor at du held deg oppdatert på kva stillingar som er lyst ut til ei kvar tid.

Ferievikar

Vi plar søkja etter ferievikarar for arbeid i pleie/omsorg og reinhald i februar/mars kvart år. Vi plar ikkje bruka ferievikarar i barnehagane.

Det er ofte lang søknadsfrist på desse stillingane fordi vi treng mange vikarar. Tilsetjingane blir gjort med jamne mellomrom i søkeperioden. Det kan difor vera lurt å ikkje venta for lenge med å senda inn søknad slik at du kjem med i «1. tilsetjingsrunde».

Dersom du vil søkja jobb som ferievikar, brukar du den same framgangsmåten som er forklart i punkta øvst på sida. 


Sist oppdatert: 24.01.2019
Publisert: 06.11.2018