HjemOm kommunenNy i Osterøy

Ny i Osterøy

Litt informasjon for deg som er ny

Innbyggjartalet er aukande og er no over 8000.

Næringslivet er variert, m.a moderne industri med bakgrunn i gamle handverkstradisjonar, entreprenørverksemder, handverk, jordbruk og fiskeoppdrett.

Landskapet er vakkert og skiftande med godt turterreng sommar og vinter som innbyr til friluftsliv og naturopplevingar. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.

Pendlartida til Bergen er ca. 45 minutt frå Lonevåg. Ein kan og kjøra eller ta buss til Arna stasjon og ta toget til Bergen sentrum.

I Osterøy kommune skal det vere godt å bu for både unge og eldre.

På lenkene under finn du informasjon som kan vera nyttig om du vurderar å flytta til eller jobba på Osterøy.

For fleire opplysningar kan ein ringje Osterøy kommune på tlf 56 19 21 00 eller senda e-post til post@osteroy.kommune.no

Ledig arbeid

Sjå oversikt over ledige stillingar i Osterøy kommune.

Barnehage

Les meir om barnehagetilbodet i Osterøy kommune.

Skule

Les meir om skuletilbodet i Osterøy kommune.

Tettstader

Kommunesenteret er i Lonevåg, ca. 15 min køyring både frå ferge og bru.


Her finn ein eit kjøpesenter, daglegvarebutikkar, post i butikk, bank, bibliotek, treningssenter, politi, rådhus, kyrkjekontor, NAV, legesenter, helsestasjon, tannlege, idrettshall, idrettsbane, båthamn, kro, pizzeria og mini hotell. Her ligg og barnehage, barneskule, ungdomskule og vidaregåande skule.

Fotlandsvåg ligg ca. 15 min køyring frå Lonevåg, og her finn ein nærbutikk, tannlege, bensinstasjon, Fjordslottet hotell, grendahus, bedehus, båtbrygge og frisør. I Fotlandsvåg er der og ein barnehage og barneskule.

Valestrand ligg ca. 15 min køyring frå Lonevåg og det er her ferga frå Breistein legg til kai. På Valestrand finn ein daglegvarebutikk, post i butikk, frisørar, legekontor, tannlege, kro, pub, kafe, gåvebutikk, ferge, ungdomshus, båthamn, idrettsplass, barneskule og privat ungdomskule.

Haus kjem ein til etter ca. 5 minutt køyring frå Osterøybrua. I Haus finn ein daglegvarebutikk, post i butikk, barnehage, barneskule, frisør, kyrkje, ungdomshus og båtbrygge.

Bruvik ligg ca. 20 minutt frå Osterøybrua. Her har dei nærbutikk, kulturhus, kyrkje, og båtbrygga.

Mindre tettstader/bygder: I tillegg er det private barneskular skular på Hamre, Hjellvik og Hosanger/Mjøsdalen. Kyrkjer på Hamre, Hosanger og Gjerstad.


Sist oppdatert: 24.01.2019
Publisert: 10.12.2018