HeimSamfunnstryggleikOppfølging VotloSkredfarekartlegging Votlo

Skredfarekartlegging Votlo

I etterkant av skredhendinga på Votlo 07.12.17 er det bestilt faresonekartlegging, overvassvurderingar og utgreiing av moglege sikringstiltak i Votlo-området.

Geologar og ingeniørar, samt tilsette frå kommunen vil synfare området i veke 51 og dei fyrste vekene i januar. Det vil og bli utført kartlegging med drone i veke 51 eller 1. Kommunen sender ut nærare brev til berørte grunneigarar om innhenting av lokal kunnskap over nyttår. Det er ynskjeleg at alle som har relevant informasjon om tilhøve på eiga tomt eller om eventuelle hendingar i området tek kontakt etter nyttår.  Ta gjerne kontakt med representantar frå SWECO eller kommunen på staden dersom du har relevant informasjon du vil dela. 


Sist oppdatert: 11.12.2018
Publisert: 11.12.2018