Ønskjer du å bidra?

Leige ut bustad til flyktningar

Mykje tydar på at Osterøy kommune også i 2023 vil ta imot flyktningar. I samband med dette vil kommunen ha behov for å leige bustadar hjå private. Behovet vil vere løpande gjennom heile året.

Har du noko ledig eller får noko ledig i løpet av 2023, ver venleg å ta kontakt med oss på e-post: post@osteroy.kommune.no.

 

Hjelpe på andre måtar?

Osterøy integrerings- og læringssenter vil trenge fleire Osterøyvener.

Ein Osterøyven er ein familie frå Osterøy som får tildelt ein nyinnflytta familie, og vil få eit ansvar for å bidra til at desse blir kjent på, og med, Osterøy.

Ta kontakt med Osterøy integrerings- og læringssenter på telefon 56 19 27 52 om det er av interesse. 


Sist oppdatert: 16.12.2022
Publisert: 21.03.2022