Mange spør oss om jodtablettar. Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) seier det er lite truleg at krigen i Ukraina vil gi behov for jodtablettar. Uavhengig av situasjonen i Ukraina anbefaler DSA alle under 40 år å ha jodtabletter lagra heime. Hovudgrunnen til det er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs norskekysten.
DSA anbefaler at kommunen i tillegg har jod til personar under 18 år, gravide og ammande. Osterøy kommune har eit lager med jodtablettar. Desse tablettane skal vere tilgjengeleg der born og unge oppheld seg, også på dagtid, som til dømes på skular, i barnehagar og på institusjonar.
Jodtablettar beskyttar berre mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff. Jodtablettar skal berre nyttast dersom beredskapsmyndigheiter gir beskjed om det. Då vil det komme anbefalingar i media og via DSA. Statsforvaltaren i Vestland har god informasjon om dette.
Du finn god informasjon om jodtablettar på DSA si heimeside.