HjemNyheterBehandling av korona med tablettar

Behandling av korona med tablettar

Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserar risikoen for å bli alvorleg sjuk.

Det er viktig at behandlingen med tablettar startar tidleg. Om du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftvegssymptom, bør du teste deg for korona.

Ta kontakt med fastlege på dagtid eller legevakt på kveld eller i helg for å vurdere om det kan vere aktuelt med behandling med Paxlovid.

Meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjere om du blir sjuk finn du på Helsenorge.

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.

Du får gratis koronatestar i innbyggarservice på Osterøy rådhus.


Sist oppdatert: 01.12.2023
Publisert: 01.12.2023