HjemNyheterEkstraordinært forbod mot bruk av eld utandørs

Ekstraordinært forbod mot bruk av eld utandørs

No blir det ikkje lov å tenne eld eller grille i offentleg tilgjengelege parkar og friluftsområde, på tilrettelagte badeplassar eller på kommunane sine tilrettelagte bål- og grillplassar. Forbodet gjeld også sankthansbål.

Frå før av gjeld det generelle bålforbodet i eller i nærleiken av skog og anna utmark i perioden 15. april til 15. september. Både det generelle og det ekstraordinære forbodet inneber alle typar grillar, stormkjøkken, bål, eingongsgrillar og bålpanner for å nemne noko.

Svært stor brannfare i det tørre terrenget

Bakgrunnen for innføring av denne lokale forskrifta er den svært store brannfaren i terrenget i Vestland fylke. Det fine været har ført til at det er svært tørt i fleire område i regionen, i likskap med store delar av Sør-Noreg elles.

- Den siste veka har brannvesenet rykket ut til ei rekkje gras- og lyngbrannar i Vestland. så seint som onsdag 14. juni hadde vi ein krevjande brann i terrenget i Samnanger kommune, og denne viser tydeleg kor kritisk situasjonen er no. Derfor ser vi oss nøydd til å innføre strengare restriksjonar, seier brannsjef Janicke Larsen.

I går kveld rykka og brannvesenet ut til brann på Verpelstad i Vaksdal kommune.

Varigheit av forbodet

Den mellombelse forskrifta varar frå og med 16. juni kl. 12.00 og til og med 30. juni.

Dersom brannfaren blir vesentleg redusert i løpet av denne perioden, vil det vurderast å oppheve forskrifta tidlegare. Ei oppheving vil varslast på lik linje som innføringa av forbodet.

Ved oppheving av det ekstraordinære forbodet vil det generelle bålforbodet stadig gjelde. Dette forbodet gjeld kvart år frå 15. april til 15. september i heile landet, og forbyr som ein hovudregel å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

I kva område gjeld det ekstraordinære forbodet?

Forbodet gjeld offentleg tilgjengelege parkar og friluftsområde, tilrettelagga badeplassar og kommunane sin tilrettelagga bål- og grillplassar.

Ingen sankthansbål

Forbodet inneber at det ikkje er lov med sankthansbål i år.

Verksemder må vurdere brannrisiko

Vi ber verksemder, som driv med eksempelvis skogdrift, linjearbeid under kraft og tele, kantklipping av vegnetta, sliping av jernbanelinjer og liknande om å vurdere risikoen for brann og etablere tiltak for å redusere risikoen til eit akseptabelt nivå.

Lov å grille i eigen hage

Det er framleis lov å grille i eigen hage. Alle som bur og oppheld seg i Bergen, Osterøy, Vaksdal og Samnanger må likevel vere aktsame med bruk av grillar og anna som kan føre til brann også på privat grunn, spesielt på balkongar, terrassar og i hagar.

Det kan også grillast på større asfalterte eller gruslagte område, som skulegardar, parkeringsplassar og idrettsplassar, så sant desse ikkje ligg nær brennbar vegetasjon. Som alltid, pliktar den einskilde å  vere aktsame ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann.

Håpar innbyggjarane vil hjelpe

- I desse dagane er det så tørt at all bruk av eld utandørs representerer ein brannfare. Vi håper og trur at innbyggjarane vil hjelpe oss med å forhindre at brannar oppstår, uttaler brannsjef Janicke Larsen.


Sist oppdatert: 16.06.2023
Publisert: 16.06.2023