HjemNyheterHending ved Osterøy ungdomsskule

Hending ved Osterøy ungdomsskule

Onsdag morgon var det eit branntilløp og mykje røykutvikling i ein varmtvasstank på Osterøy ungdomsskule. Brannvesenet vart varsla og kom raskt til skulen. 

Elevane og tilsette vart evakuert til Osterøyhallen, og vart seinare sendt heim.

Brannvesenet har holde på med utlufting på skulen gjennom dagen.

Det vert vanleg skuledag for elevar og tilsette frå i morgon, torsdag 23.11.23. 


Sist oppdatert: 22.11.2023
Publisert: 22.11.2023