HjemNyheterNo kan du velja betalingsterminar

No kan du velja betalingsterminar

I dag kjem dei kommunale avgiftene 3 gonger kvart år. Om du ikkje gjer noko vil faktura for kommunale avgifter komme som i dag, det vil sei med forfall rundt 31. mars, 31. august og 30. november.

Du har 3 val på korleis du vil ha forfall på faktura for kommunale avgifter.

  • Fakturering og betaling 3 gongar i året som i dag.
  • Fakturering og betaling 1 gong i året om våren for heile årsgebyret.
  • Fakturering og betaling månadleg, med betaling 1 gong pr månad.

Om du ønskjer å endre talet på betalingsterminar så send ein e-post til fakturatermin@osteroy.kommune.no, og skriv kva val av dei ovanståande du ønskjer. Det er ikkje mogeleg å ha andre oppsett ein dei som er lista opp over.

Hugs å skrive opp adresse eller gnr/bnr på den aktuelle eigedommen.

Efaktura eller avtalegiro 

Vi oppfordrar alle som ikkje har efaktura eller avtalegiro om å opprette dette. Dette gjer du sjølv i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Kommunen kan ikkje gjere dette for deg. Det enklaste er å opprett avtalegiro, då dette ikkje krev at du aktivt godkjenner fakturaen i nettbank.

Eigedomsskatt

Når det gjeld eigedomsskatten, vil me gjere dykk merksam på at den ikkje vil vere med på dei første faktura i året dersom du vel månadleg faktura. Dette er fordi eigedomsskatten først skal vedtakast av ein sakkunnig nemnd. Dette vert gjort etter nyttår kvart år. Når den er vedteke vil eigedomsskatten komme med på fakturaene med eit oppsamla beløp så langt i året. 


Sist oppdatert: 31.01.2024
Publisert: 31.01.2024