HjemNyheterOppdatering - Vassbrot ved Rambergsvegen 23

Oppdatering - Vassbrot ved Rambergsvegen 23

Årsaka til trykkendringa er at vi måtte stenge av leidninga på eit punkt for å oppretthalda vassforsyning til flest mogleg, difor blir mange no forsynt frå ein anna trykkaukestasjon enn vanleg.

Leidningsnettet i denne enden av Rambergsvegen er etablert på 50-talet. Støypejernsrøyra som vart nytta på den tida har hatt lang levetid, men er dessverre moden for utskifting når vi snart skriv 2024 på kalenderen. Vi har hatt nokre lekkasjar på dette strekket tidlegare, og tok i utganspunktet sikte på ei større rehabilitering av vass- og avlaupsnettet i Fossabrekka i 2024. Planen var då å ta strekket frå fylkesvegen opp til Rambergsvegen nr. 23 og 24, men konsekvensen av dette brotet er at vi er nøyde til å starta på delar av dette arbeidet omgåande.

Vi har no laga til ei midlertidig løysing slik at alle skal ha vatn medan sjølve reparasjon og rehabiliteringa pågår, og har starta planlegging for dette arbeidet. På kartet under viser den raude prikken lekkasjestaden, og den svarte ellipsen viser området vi no vil rehabilitera. Då vi må grave opp vegen for å reparere vassleidninga her, vil det vera naturleg at vi samstundes bytar avlaup- og overvassrøyra samt ferdigstille denne delen av prosjekt Fossebrekka.

Illustrasjon av Rambergsvegen og leidningsnettet

 

Konsekvens Rambergsvegen:

Vegen har vore stengt på staden dei siste dagane medan dei har jobba, men vil opna i ettermiddag og vera open fram til vi startar med rehabiliteringa.

Rambergsvegen blir då stengt for gjennomkøyring på dette punktet i heile den perioden, og det går gjerne nokre veker på gjennomføringa av dette. Det vil vera lengre periodar der det også må stengjast for gåande og syklande, dette grunna manglande arbeidsrom på staden.

Vi vil komma med meir informasjon om oppstart og gjennomføring når vi har lagd plan for dette.


Sist oppdatert: 29.09.2023
Publisert: 29.09.2023