HjemNyheterOrientering til vassabonnentar i området Lonevåg – Hauge - Valestrand

Orientering til vassabonnentar i området Lonevåg – Hauge - Valestrand

Vaskeprosessen er planlagd gjennomført laurdag 13. april, men konsekvensen av denne midlertidige endringa vil treffa dei forskjellige sonene på varierande tidspunkt.

Det vil i første omgang vera abonnentar rundt Hauge som opplever dette. Når me ut på kvelden må gjenopna tilførsel til høgdebassenga på Valestrand og Lonevåg, vil det ei tid vera ei viss blanding mellom vatn produsert før/etter vask og det vatnet som vart produsert under vask.Det vil difor variera kven og til kva tid dei forskjellige abonnentane kan oppleva vatn med auke farge og smak av klor.

Dette er ein prosess me har gjennomført 1-2 gangar årleg, heilt sidan anlegget starta opp.

Me vel å informere spesifikt om dette no, slik at våre abonnentar får ei forklaring på kvifor dette tidvis skjer.

Me beklager ulempa dette medfører alle våre abonnentar.


Sist oppdatert: 12.04.2024
Publisert: 12.04.2024