HjemNyheterRapport frå teknisk drift

Rapport frå teknisk drift

Grunna mykje snø og påfølgande vêromslag vart det ei travel veke for teknisk drift førre veke. Det var mange telefonar og brøytemannskapet jobba på spreng for å rekke over alle vegar.

Nedbørsmengden og høgare temperaturar gjer at snø og is smeltar fort og ein må vera oppmerksam på at det kan vera mykje overvatn enkelte stader.

Gode råd og hugse på!

  • Alle som ferdast langs vegane må bruke refleks. Regnet gjer dårleg sikt for bilførarar, spesielt på kveld og om morgonen.
  • Sjekk gjerne dekka på køyretøyet. Mønsterdybde, piggar osv.
  • Dekkvask kan i enkelte tilfelle hjelpe litt på.
  • Køyr forsiktig då mykje nedbør kan føre til overvatn, spesielt på fylkeskommunale vegar.
  • Ein del vind kan føre til velt av tre.
  • Det har vore skred og er meldt skredfare i fylket vårt.

Vi vil takke alle som har meldt inn ulike utfordringar, sjølv om det er vanskeleg å fange opp alt i ein hektisk kvardag.
Vi vil også takke alle som har stått på og brøyta dag og natt, for å sikre ein grad av framkommelegheit.

Er det utfordringar på veg, med vatn eller avlaup så meld det gjerne inn via vår feilmeldingsportal:

Meld feil 


Sist oppdatert: 22.01.2024
Publisert: 22.01.2024