HjemNyheterTest av Nødvarsel

Test av Nødvarsel

Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".

Varslingsprøven den 14. juni vert gjort over heile landet, rundt kl. 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrera og spela av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane ular.

Ein så omfattande varslingsprøve vil høyrast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einheitar vil spela av lyd samtidig. Del derfor gjerne informasjon om varslingsprøven med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudd og veit at dette berre er ein test.

Du kan lesa meir om testen på nettsida til nodvarsel.no.

Test av Nødvarsel


Sist oppdatert: 12.06.2023
Publisert: 12.06.2023