HjemNyheterVALLOKALE VALDAGEN 11. SEPTEMBER

VALLOKALE VALDAGEN 11. SEPTEMBER

Det vert halde val på representantar til kommunestyre- og fylkesting måndag 11. september 2023. Du har røysterett ved valet dersom du oppfyller eitt av desse krava:

  • Du er norsk statsborgar, har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og er eller har vore registrert som busett i Noreg. 
  • Du er statsborgar i eit anna nordisk land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige), har fylt 18 år innan utgangen av valåret og har vore registrert som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret. 
  • Du er utanlandsk statsborgar, har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og har vore registrert som busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen.

For å bruka røysteretten må du dessutan stå i manntalet i ein kommune.

På valdagen kan du berre røysta i den kommunen du registrert som busett pr. 30. juni 2023. 

Her kan du røysta på valdagen i Osterøy kommune:

 

Krins

Stad

Tidspunkt

Hauge krins:

Osterøy integrerings- og læringssenter (skulebygget)

kl. 12.00 – 20.00

Lonevåg krins:

Osterøyhallen – NB! Nytt vallokale

kl. 12.00 – 20.00

Valestrand krins:

Kongshall – NB! Endra vallokale

kl. 12.00 - 20.00

Haus krins:

Haus skule, gymnastikksalen

kl. 12.00 – 20.00

Fotlandsvåg krins:

Fotlandsvåg skule, gymnastikksalen

kl. 12.00 – 20.00

 

Bruvik krins

Knausatun - NB! Nytt lokale

kl. 12.00 - 20.00

HUGS VALKORT OG LEGITIMASJON!


Sist oppdatert: 10.09.2023
Publisert: 10.09.2023