HjemNyheterVassleidningsbrot Valestrand

Vassleidningsbrot Valestrand

Oppdatering kl. 23.05:

Feilen er retta. Teknisk avdeling driv framleis og spylar ut misfarga vatn.

Kort om hendinga: 

Det har foregått sprenging ca 10 meter frå eksisterande røyr. Røyra, lagd ned på 70-talet, tålte ikkje rystelsane då det låg tett på fjell. Ein større lengde med røyr sprakk, og førte til lekkasje på leidninga mellom Valestrand tannlegekontor og høgdebasseng på Torvhusleitet. 

Denne leidninga skal leggast om i samband med arbeidet ved skulen. Dette var planlagt utført mellom kl 15.00 fredag og 07.00 laurdag. 

Opprinneleg melding:

Det er i samband med sprengingsarbeid ved Valestrand skule at uhellet var ute.

Teknisk avdeling er på plass for å sjå på skaden og jobbar med saka.

Vatnet vil vera tilbake så snart feilen er retta, og det vil kunne oppstå ein del misfarga vatn etter arbeidet.

Dei som framleis får vatn må koka det. Dette få delar av leidningsnettet har vore trykklaust.

Ikkje fått SMS/e-post?

Dersom du ikkje har fått SMS og/eller e-post om hendinga kan dette ha to forklaringar:

1. Det ligg feil informasjon i dei offentlege registera vi henter data frå. Les om kvar vi får opplysningar frå, og moglegheit for å leggja inn varsling på andre adresser via denne lenka: Varsling 24

2. Du bur utanfor det geografiske område vi har sendt varsling til.

Artikkelen vert oppdatert så snart vi har meir informasjon.


Sist oppdatert: 07.06.2023
Publisert: 07.06.2023