HjemNyheterVatningsforbod frå 16. juni kl. 12

Vatningsforbod frå 16. juni kl. 12

Vi ser oss difor nøyd til å avgrensa hage- og blomevatning, og må innføra forbod mot bruk av vasspreiar og vatning med hageslange frå fredag 16.06.2023 kl. 12:00. Dette gjeld for alle abonnentar tilknytt kommunale vassverk.

Plenar er i utgangspunktet robuste og klarar seg betre enn blomar i tørre periodar. La plenen heller stå uslått fram til det kjem nedbør. Blomar og bed kan vatnast med kanne, men me ser helst at dette vert gjort tidleg morgon eller seint på kveld. Vatning på dagtid gjev minst effekt for blomane, då store delar av vatnet fordampar i varmen.

Oppheving av vatningsforbodet vert varsla i våre kanalar.

Vi vonar alle innbyggjarar tar dette på alvor, og prøver og følga desse råda:

  • Ikkje bruk vatn unødvendig.
  • Ikkje bruk vasspreiar eller hageslange til vatning av plen eller bed.
  • Blomar/bed kan vatnast med kanne, og dette bør då gjerast tidleg om morgon eller seint på kvelden.
  • Gå for gjenbruk av vatn: Dersom du alt har fylt i plaskebassenget, kan du bruka vatnet i dette til å vatna planter og bed.
  • Bad heller i ferskvatn eller i fjorden. 

Sist oppdatert: 16.06.2023
Publisert: 16.06.2023