HjemNyheterVegstenging veke 32: Njåstad-/Sakslivegen og Sundlandsvegen

Vegstenging veke 32: Njåstad-/Sakslivegen og Sundlandsvegen

Sundlandsvegen

Sundlandsvegen blir frå 07.august stengt i periodar på opptil 30 minutt grunna sporfylling/utjamning. Det vil bli lagt opp til å sleppe forbi så ofte det lar seg gjere, men ein må rekne god tid om ein skal rekka noko i andre enden. Buss blir prioritert og ein legg opp til at desse kan passera til oppsette tider.

Njåstad-/Sakslivegen

Njåstad-/Sakslivegen blir heilt stengt for gjennomkøyring mellom klokka 07:00-19:00 måndag-fredag i perioden dei driv med arbeid der.

Dette gjeld heile partiet der det i dag er grusdekke (frå avkøyring Njåstadvegen 414 til Bruvikdalsvegen).

Når dei er ferdig på Sakslivegen vil dei flytte maskiner og utstyr nedover for å ta nokre mindre parti frå Kleppsfossen og ned mot Fitje. Her vil dei stenga periodevis, og slepp forbi bilar så snart det er moglegheit for det.

Merk: Det kan verta mindre endringar i desse planane, me oppdaterer nettsida snarleg dersom det skulle skje.

Me ber alle rekne god tid, og vise tolmod ovanfor dei som utfører arbeidet. Det tar nokre dagar, men det skal altså bli betre for alle som nyttar vegane.

 

OBS! Me kom i skade for å skriva feil veke/dato då me publiserte artikkelen. Riktig oppstartsdato er 07. august (veke 32).


Sist oppdatert: 03.08.2023
Publisert: 01.08.2023