Influensa

Har du fastlege i kommunen?

  • Då kan du få både influensa- og koronavaksine hjå fastlegen din dersom du er anbefalt å ta desse vaksinane.
  • Bestill vaksinetid (etter veke 42) ved å senda elektronisk timebestilling "timeønske" gjennom helsenorge.no/app, eller ring ditt legekontor for å avtale tid. Gje beskjed om du vil ha ei eller begge vaksinane.

Har du ikkje fastlege?

  • Om du ikkje har fastlege, og er anbefalt vaksine, kan du få influensa- og koronavaksine på Osterøy helsestasjon.
  • Ta kontakt med helsestasjonen på tlf. 45374506.

Barn og gravide

  • Kan få vaksine på helsestasjon.  
  • Ta kontakt via Helse Norge, eller på telefon 45374506.

Pris:

Det kostar 250 kr å få influensavaksine.

Tilsett i Osterøy kommune?

  • Alle tilsette i kommunen får tilbod om gratis influensavaksine. Desse får eigen informasjon internt. 

Kven bør ta influensavaksine?

FHI anbefaler desse gruppene å ta influensavaksine: 

  • Alle frå 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester som har annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
    • Diabetes type 1 og diabetes type 2
    • Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • Nedsett immunforsvar
    • Svært alvorleg fedme (kroppsmasseindeks over 40)
    • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensa

FHI anbefaler i tillegg vaksine til desse gruppene:

  • Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.

Trykk her for å lese meir om influensavaksinen på Folkehelseinstituttet sine sider.

Vaksinering på apotek

Apoteka tilbyr influensavaksine både til deg som er i ei risikogruppe, og til deg som ikkje er det. 

Koronavaksine

Ønskjer du oppfriskingsdose med koronavaksinen?

Trykk her for meir informasjon om koronavaksinering.


Sist oppdatert: 21.03.2024
Publisert: 09.10.2023