Mpox

Det pågår eit utbrot med mpox (tidlegere omtalt som apekoppar) på verdensbasis. Kontakt lege på telefon om du har mistanke om at du er smitta. Sjå også informasjon om kven som får tilbod om vaksine. 

Korleis smittar mpox?

Mpox skyldast apekoppeviruset og smittar gjennom nær kontakt med ein smitta person eller ved kontakt med eit smitta dyr. Det ser ut som at det krevast høg grad av nærkontakt for å bli smitta, og dei mest utsatte er seksualkontaktar og husstandsmedlem. Det tar 5-21 (vanlegvis 6-13) dagar frå ein er i kontakt med ein som har mpox til symptomane oppstår. 

 

Kva er vanlege symptom?

Symptom er feber, myalgi (muskelsmerter) og hodepine etterfulgt av hudlesjoner/utslett, men nokon får hudlesjoner utan prodromalsymptoma først (dei første symptoma som feber, muskelsmerter etc), og nokon får utslett (lesjoner) på slimhinner (rektalt, genitalt og oralt). Utslettet kan oppstå kor som helst på kroppen, men i dette utbrotet rapporterast det hyppig om utslett (lesjoner) nedentil både rundt kjønnsorganet og analt, og i og rundt munnen. Utslettet kan føra til smerter i hals og endetarm. Det er også rapportert om fleire tilfeller med symptombillete der ein kun finn få eller ein enkelt lesjon.

Ein er smittsom frå symptoma oppstår til skorpene har falt av og det er heil hud under. Det mest effektive tiltaket for å redusere smitte av mpox er å begrense talet på intime partnarar, samt isolasjon av og smittesporing rundt påviste tilfeller. 

Kven kan få vaksine?

Smittevernkontoret i Bergen vaksinerer mot mpox éin torsdag i månaden. 

På FHIs nettsider kan du sjå kva grupper som vert tilbydd vaksina. Kommunehelsetenesta har ansvar for å vaksinere personar som er i gruppe 2 og 3 i FHIs oversikt. 

Bestill time

Innbyggjarar i Osterøy kan ta vaksina i Bergen.

Første vaksinasjonsdag er torsdag 16. mars. Du må bestille time på førehand. 

Timebestilling åpnar torsdag 9. mars. Ring Smittevernkontoret på 55 56 58 80, for å bestille time. 

Ikkje møt opp dersom du er sjuk, har feber over 38 gradar eller andre teikn på infeksjonssjukdom. Ring i så tilfelle Smittevernkontoret for ny time. 

Pris

Vaksinasjonen kostar 225 kroner. Sjølve vaksina er gratis. 

Hugs legitimasjon og dokumentasjon

Ta med gyldig legitimasjon med billete og personnummer til vaksinetimen. 

Ved frammøte må du også vise dokumentasjon på prøvesvar som viser at du har hatt ein av dei seksuelt overførbare infeksjonane, syfilis, gonoré eller klamydia, i løpet av dei siste to åra.

Vær færebudd på at du må sitte til observasjon 20 minutt etter vaksinering.

Her finn du Smittevernkontoret

Vaksina vil bli satt hjå Smittevernkontoret i Bergen. Dei held til i Bergen Helsehus, Solheimsgaten 9, 4 etasje, 5058 Bergen (sjå kart). Nytt inngang C, bakke opp til parkeringsdekk ved 2. etasje. 

Smittevernkontoret er universelt utforma. Bevegelseshemma kan nytta heisen ved inngang C i 2. etasje. 

Kva gjer du om du har mistanke om smitte?

Kontakt lege på telefon: fastlege eller legevakt. Du vil då få vidare hjelp til å vurdere om mogleg smitte og korleis du skal forhalde deg.

For å stoppe utbrotet i Noreg, forskriftsfestar Helse- og omsorgsdepartementet mpox som ein allmennfarleg smittsom sjukdom. Forskriftsfestinga vil gi legar plikt til smittesporing. Det blir også gratis med undersøking og behandling. Det vil senke terskelen for å oppsøke lege. Forskriftsfestinga gir også pasientar som mistenker smitte ein plikt til å oppsøke lege.

Folkehelseinstituttet vurderar at det er svært liten sannsyn for ein epidemi av mpox i den allmenne befolkninga.

Meir informasjon

Viktige nettstader der ein finn meir informasjon:

https://www.helsenorge.no/sykdom/infeksjon-og-betennelse/apekopper/

https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/apekopper/

https://www.helseutvalget.no/


Sist oppdatert: 21.03.2024
Publisert: 16.06.2023