HjemPlan, bygg og eigedomUlovleg bygging

Ulovleg bygging

Dette bør du sjekke først

  • Snakk med naboen din eller den det gjeld
  • Sjekk i saksinnsyn om det er gitt løyve til arbeidet. Ta kontakt med kommunen om du er i tvil. 
    Trykk her for saksinnsyn.
  • Sjekk om tiltaket kan vera unntatt søknadsplikt.
    Trykk her for å sjå om tiltaket ditt er søknadspliktig.
  • Meld frå dersom du ikkje finn at det er gitt løyve, og du har mistanke om at arbeida er ulovleg.
  • Ikkje alle tilfelle er regulert av plan- og bygningsloven. 
  • Dersom førespurnaden gjeld til dømes gjerder, hekk eller tre vil den mest sannsynleg regulerast av naboloven eller grannegjerdeloven og kommunen har ikkje mynde til å treffe avgjerd i desse sakene.
  • Gjeld det forsøpling må du ta kontakt med kommunen på post@osteroy.kommune.no eller via løysinga eDialog

Slik melder du frå

Meld frå til kommunen dersom det ikkje er gitt løyve og du mistenker at tilfellet er ulovleg. 

Du må gi følgjande informasjon:

  • Adresse, gards- og bruksnummer eller presis skildring av staden
  • Skildring av det du meiner er ulovleg
  • Du kan melde anonymt.
  • Dersom du oppgjer namn og kontaktinformasjon kan vi ved behov kontakte deg for meir opplysningar eller oppfølging av saka.

Behandling av melding

For at bygningsmynde skal følgje opp eit ulovleg tilfelle må tiltaket komme inn under plan- og bygningsloven sine føresegner. Dersom vi finn ut at det er snakk om eit ulovleg tilfelle, opprettar vi ei sak og kontaktar eigar av eigedomen. Dersom vi vurderer tilfellet som mindre alvorleg, kan kommunen avstå frå å følgje opp saka vidare.

Kva kostar det?

Det er ikkje gebyr for handsaming av melding om ulovleg byggetiltak.

Kva skjer når kommunen vert kjent med eit ulovleg tilfelle?

Om kommunen finn grunn til å undersøkje saka vil den ansvarlege bli kontakta av kommunen. All vidare saksgang vil vere ei sak mellom kommunen og den ansvarlege for det ulovlege tilfellet.  

Når kommunen har undersøkt saka vil eigar/ansvarleg få eit brev om vidare oppfølging. I brevet vert det gitt informasjon om kva som er ulovleg.

Oppfølging av ulovlege tilfelle

Eigar vil få anledning til å tilbakeføre det ulovlege tilfellet, alternativt søkje om løyve. Dersom ein søkjer om løyve vil saka bli behandla etter dagens gjeldande regelverk, for eksempel vil alle dagens tekniske krav gjelde. 

Dersom eigar ikkje rettar seg etter kommunen sine krav kan vi ilegge eigar tvangsmulkt og lovbrotsgebyr. 

Krav om retting, ileggelse av tvangmulkt og lovbrotsgebyr vil bli varsla av kommunen i forkant, og kan klagast på dersom ein meiner at vedtaket ikkje stemmer.


Sist oppdatert: 18.01.2023
Publisert: 18.01.2023