Innsyn

Innsyn i saker og aktivitetar i kommunen

Arkivverdige dokument som vert skapt eller motteke i Osterøy kommune vert registrert i kommunen sitt saksbehandlingssystem. 

Saks- og møtedokument for politiske møte er publisert på nett.

Postlista frå før 20.11.2023 har offentlege dokument publisert i lista.

Postlista frå og med 20.11.2023 inneheld ikkje dokument.

Du kan be om innsyn ved å klikke på knappen "Be om innsyn" eller ved å legge dokument i handlekorga og sende inn bestilling.

 

Trykk her for postliste og innsyn frå før 20.11.2023

Trykk her for postliste og innsyn frå og med 20.11.2023

Trykk her for å søkje i saker

Trykk her for å gå til møteplan for råd og utval

Sende post til Osterøy kommune

Osterøy kommune har eit mål om at vi skal vera "gjennomsiktige", slik at alle kan følgje med på kva som skjer i kommunen. Samstundes handsamar kommunen informasjon som er underlagt teieplikt.

Alle arkivverdige dokument vil bli vurderte med tanke på offentleggjering. Dette gjeld både brev og e-post til og frå kommunen, samt ei rekkje "interne dokument". Osterøy kommune behandlar e-post og brevpost på same måte når det gjeld sakshandsaming.

For nærare informasjon om reglane som gjeld for offentleggjering og teieplikt, sjå "Rettleiar til offentleglova".

Lenker til offentlege lovar som regulerer journalføringsplikt finn du på lovdata.no.

Nærare om e-post til kommunen:

E-post til kommunen bør innehalde fullt namn, men ikkje andre personopplysningar som til dømes fødselsnummer eller personnummer, jf. personopplysningsloven § 12.

NB: Send aldri sensitiv informasjon per e-post, til dømes opplysningar om helsetilhøve eller diagnosar. Då bør du heller nytte e-dialog, sjå under her.

Vi har fleire elektroniske skjema på heimesida. Det er trygt å sende opplysningar til kommunen på denne måten. Dersom du ikkje finn eit skjema, kan du nytte e-dialog, sjå under.

Alle offentlege verksemder skal i hht regelverk kommunisera digitalt om det er mogleg. Dette er den sikraste måten å kommunisera på. Informasjon om korleis lage digital postkasse finn du her Osterøy kommune - Digital post (osteroy.kommune.no)

E-dialog - sikker sending av brev til kommunen

E-dialog - sikker sending av brev til kommunen

Innsynsrett i offentlege dokument og journalar

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument. Alle saksdokument i kommunen er offentlege, om det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Kommunen skal likevel vurdere om dokument som ikkje er offentlege, heilt eller delvis kan gjerast kjende (meirinnsyn).

Kva inneheld den offentlege postjournalen?

Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande post, utgåande post og interne notat. Her finn du oversikt over saksmapper og dokument, namnet på avsendar eller mottakar av dokumentet. Når du har funne fram til eit dokument du som du vil tinge, kan du krevje innsyn skriftleg eller munnleg. Den offentlege postjournalen inneheld ikkje fulltekstpubliserte dokument i sakene frå og med 20.11.2023. Det vil verte gjort ei vurdering på om og kor tid det ev vil koma dokument ut i postjournalen etter vi har nytta det nye saksbehandlarsystemet ein periode.

Osterøy kommune publiserer ikkje postliste for fagsystem for helse- og meistring, barnevern, PPT, skule eller NAV.

Sakshandsamingstid for innsyn

Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det vil normalt gå ein til tre arbeidsdagar. Dersom du ikkje har fått svar innan fem dagar, er det å sjå på som avslag, og du kan rette ei skriftleg klage til kommunen.

Høve til å klage

Dersom ditt krav om innsyn blir avslått, skal kommunen syne til den paragrafen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høve til å klage og klagefristen. Alle avslag skal innehalde ei grunngjeving.

Dersom kommunen held fast på vedtaket om avslag, kan dette klagast inn for Statsforvaltaren. Statsforvaltaren er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Klagen skal avgjerast så snart som mogleg.

I samband med handsaming av klagen kan Statsforvaltaren også bestemme at dokumentet skal gjerast kjend - heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.

Tenk på følgjande før du sender brev, skjema eller e-post til oss:

Hugs at all post du sender til kommunen, kan bli lagt ut på offentleg postjournal - om han ikkje er underlagt teieplikt. Det betyr at du kan finne att brevet eller e-posten din i journalen, og risikere at innhaldet vert omtalt i media.

Informasjon om eldre arkiv

Dei eldre arkiva våre er avlevert Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKAH).

Du kan bestille innsyn i avleverte papirarkiv via skjema: 

Trykk her for å komme til bestillingsløysinga.

Digitalarkivet presenterer arkivmateriale i digital form. Du kan søkje i strukturerte data og digitaliserte fotografi, lese fulltekstavskrifter, bla i skanna bilete, sjå videoar og/eller høyre digitalisert lyd. Digitalarkivet er ope for alle og gratis å ta i bruk.

Trykk her for å søkje i Digitalarkivet

Trykk her for informasjon om korleis ein finn fram i Digitalarkivet

Klikk her for å koma til IKAH sitt digitaliserte arkiv

Dokumentsenter i Osterøy kommune

Dokumentsenteret i Osterøy kommune når du ved å senda epost til post@osteroy.kommune.no eller nytte e-dialog.

Du kan og ringje Osterøy kommune sentralt på tlf 56 19 21 00  og be om å bli sett over til Dokumentsenter.


Sist oppdatert: 29.11.2023
Publisert: 29.11.2023