HjemKampanjerInformasjon om koronavirus

Informasjon om koronavirus

Her vil du få oppdatert informasjon om Osterøy kommune si handsaming av koronaviruset.
Publisert: 05.03.2020
Sist endra: 16.03.2020
Nyhende

16.03.20 kl 12:00 :

  • Osterøy kommune har i dag sett kommunal kriseleiing for å handtere smittesituasjonen.
  • Osterøy kommune frarår heimereise for studentar. Om studenter kjem heim skal dei i heimekarantene i 14 dagar.
  • Osterøy kommune frarår alle reiser inn og ut av kommunen som ikkje er kritisk nødvendig.
  • Osterøy rådhus stenger dørene for besøkande for å hindre smittespreiing. Tilsette vil praktisere heimekontor der det er praktisk mogleg og etter avtale med leiar.
  • Alle som ikkje bur i Osterøy kommune og har hytter her skal ikkje besøke hytta. Dette i tråd med nasjonal forskrift.
  • Osterøy kommune har i dag bestemt at det ikkje vil bli krav om betaling for barnehage og SFO så lenge desse er stengt.

 

14.03.20 kl. 17.30:

Framleis ingen påviste tilfeller med koronasmitte på Osterøy

Smittevernlegen på Osterøy har i dag vore i kontakt med laboratoriet på Haukeland og fått svar på dei prøvane som er tatt. Prøvesvara viser ingen koronasmitte.

Dette vil sei at karantenene for tilsette og barn/føresette på Hauge barnehage og Haus skule opphøyrer.

Dette gjeld kun dei som har vorte satt i karantene grunna forholda ved Hauge barnehage og Haus skule.

Dei som er sett i karantene av andre årsakar har ikkje fått karantene oppheva, f.eks. etter utanlandsopphald. Oversikten over kva land dette gjeld finn du her.

Frå måndag 16. mars vil difor også Hauge Barnehage og Haus skule ha same omsorgstilbod som resten av dei kommunale barnehagane og skulane.

13.03.20 kl. 14.00:

Omsorgstilbod for barn i barnehagar og skular.

Barn av foreldre som jobbar med kritiske samfunnsfunksjonar og dei borna som har særskilde omsorgsbehov får slikt omsorgstilbod (Klikk på lenka under):

Omsorgstilbod for barn i barnehagar og skular

12.03.20 kl. 15.55:

Alle kommunale og private barnehagar og skular vert stengt frå og med i morgon fredag 13.03.20.

Unntak gjeld for barn som har føresette med jobb i samfunnskritiske funksjonar. (Sjå liste under)

Hauge barnehage og Haus skule er stengt for alle.

  • Styring og kriseledelse
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningstjeneste
  • IKT-sikkerhet i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerhet
  • Vann og avløp
  • Finansielle tjenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstjenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tjenester

Ny informasjon kjem innan kl. 14.00 fredag 13.03.20.

-----------------------------------------------------

 

12.03.20 kl. 14.50:

Vedrørande ny informasjon frå regjeringa så jobbar me no med å oppdatere våre tiltak. Meir informasjon om tiltaka vil kome på heimesida og Facebook-sida vår i løpet av ettermiddagen.

12.03.2020 kl. 13.50:

Osterøy kommune har i dag vedtatt å stenga alle (både private og offentlege) skular og barnehagar frå måndag 16. mars (dersom ikkje regjeringa vedtar annan dato). Hauge barnehage og Haus skule vert stengt frå i morgon fredag 13. mars som eit førebyggjande tiltak. Dette fordi at ein familie, med tilknyting til desse institusjonane, er i karantene med mistanke om koronasmitte. Me har ikkje fått desse prøvesvara enno.

Dette gjeld fram til ny beskjed vert gjeve.

Osterøy kommune har pr. i dag 12.03.20 kl.13.00 ingen med påvist koronasmitte.

12.03.2020:

Nye restriksjonar for eigne tilsette - oppmoding til alle verksemder, innbyggjarar, lag og organisasjonar

11.03.2020:

Alle som har vore i område med vedvarande smittespreiing siste 14 dagar, sjå lenke til oppdatert informasjon om kva område dette er: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/omrader-med-vedvarende-spredning-av-koronaviruset-coronaviruset/ skal vere i heimekarantene i 14 dagar, om dei har symptom eller ikkje.

09.03.2020: 

Alle tilsette i helsetenestene som har vore på ferie i utlandet, uansett kor, og kjem heim med luftvegssymptom skal testast. 

Også tilsette og barn i skuler og barnehage som har vore i område med vedvarende smitte skal halde seg heime i 14 dagar etter heimkomst. 

Informasjonsfilm om koronavirus

Informasjon om koronavirusutbrotet

Meir informasjon om koronaviruset finn du på FHI sine sider.

Førebygging av smitte av koronavirus

Du kan gjere mykje for å redusere risikoen for å bli smitta eller å spreie smitte.

For tida pågår det også eit ordinært sesonginfluensautbrot, og det er mange av dei same tiltaka vi kan gjere for å unngå smitte av koronavirus og influensa.

Om koronaviruset

Det nye koronaviruset heiter SARS-CoV-2 og forårsakar utbrotet av sjukdomen covid-19. Dei fleste som blir smitta, vil truleg få luftvegssymptom som vil gå over av seg sjølv, medan nokon få vil få alvorlegare sjukdom med blant anna lungebetennelse. Alvorleg sjukdom og dødsfall er sjeldan, og hovudsakleg hjå eldre og personar med underliggande sjukdomar.

Råd for å unngå smitte

  • Vask hendene grundig og ofte, spesielt når du har vore ute på stader med mange menneske og før du skal eta. Vask med vatn og såpe eller handdesinfeksjon med sprit vil vera tilstrekkeleg.
  • Begrens nær kontakt med sjuke personar så langt det lar seg gjere.
  • Unngå å ta deg til munnen, nasen og auga med uvaska hender.
  • Ved hoste så host i eit papir som du så kastar, og vask hendene etterpå. Eller host i albuekroken.

Vanleg aktivitet kan oppretthaldast

Osterøy kommune følgjer råd om koronaviruset frå nasjonale helsemyndigheiter. Det er for augeblikket ikkje gitt råd om å begrensa vanleg aktivitet for friske personar. Dette inneber at barnehagar og skuler vert haldne opne og at publikumsmottak er tilgjengelege som normalt. Aktivitetar som medfører samling av større folkemengd, kan også gjennomførast, men hugs god handhygiene.

Er du i risikogruppa?

Eldre personar og personar med underliggande kronisk sjukdom har høgare risiko for alvorleg forløp av covid-19. Sjå meir på Folkehelseinstituttet si side

Er du sjuk og mistenker koronaviruset?

  • Teikn på luftvegsinfeksjon kan vera feber, hoste, brystsmerter og pustevanskar.
  • Om du er sjuk, vær heima frå jobb og liknande. Sjuke barn bør haldast heime frå skule eller barnehage.
  • Om du har fått luftvegsinfeksjon og har vore i områder med mange smitta eller i kontakt med nokon som har påvist smitte av koronavirus, kontakt fastlege eller legevakt på telefon (116 117) for å gjere avtale om oppfølging. Det er viktig at du ringer først for å unngå at du møter opp på venterommet og smittar andre. Personar som må isolerast i heimen har rett på sjukemelding.

Testing er avtalt på førehand

Merk at all testing av koronasmitte alltid må vera avtalt på førehand. Det skjer ved at du først snakkar med fastlegen eller legevakta på telefon (116 117), og har avtalt tidspunkt for testing. Kommunen vil aldri kome på døra for å teste innbyggjarar utan at det er avtalt på førehand. 

Er du ikkje sjuk, men har spørsmål?

Då kan du ringa til Folkehelseinstituttet på telefon 815 55 015. 
Ikkje ring legevakta om du er frisk.

Følg FHIs reiseråd knytta til nytt koronavirus og UD sin informasjon om reiseråd og koronavirus | UD fraråder reiser til Hubei-provinsen og fastlands-Kina. 

Oppfordring til arbeidsplassar og restaurantnæring

Arbeidsplassar og serveringsstader vert oppfordra til å vera nøye med at det er godt tilrettelagt for handvask og eventuelt spritdispensar. Vidare at ein heng opp plakatar om korleis førebyggje smitte. 

Slik førebur vi oss i Osterøy kommune
  • Vi har smittevernplan og beredskapsplan som vi forheldt oss til.

  • Vi har god kommunikasjon og informasjonsflyt i helsetenestene og mellom kommune - fastlegekontor.  
  • Inntil nyleg har testing foregått på HUS eller Bergen legevakt etter avtale i kvart enkelt tilfelle.
    No har vi tilbod om testing på NHLV på dagtid fram til kommunen har eit eige tilbod om testing. 
  • Vi har plan for opplæring av helsesjukepleiarar som skal vera ei ambulerande teneste for å teste folk i heimen.  

  • Alle arrangement ved Osterøytunet (sjukeheimen i Osterøy kommune) er avlyst fram til 1. mai.
Stenging av skular og barnehagar

14.03.20 kl. 17.30:

Frå og med måndag 16. mars gjeld same tiltak for Hauge barnehage og Haus skule som for resten av barnehagane og skulane i kommunen. Årsaka kan du lesa meir om under fana nyhende og omsorg for barn i barnehagar og skular. 

12.03.20 kl. 15.55:

Alle kommunale og private barnehagar og skular vert stengt frå og med i morgon fredag 13.03.20.

Unntak gjeld for barn som har føresette med jobb i samfunnskritiske funksjonar. (Sjå liste under)

Hauge barnehage og Haus skule er stengt for alle.

  • Styring og kriseledelse
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningstjeneste
  • IKT-sikkerhet i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerhet
  • Vann og avløp
  • Finansielle tjenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstjenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tjenester
Omsorgstilbod for barn i barnehagar og skular

 14.03.20 kl. 17.30:

Framleis ingen påviste tilfeller med koronasmitte på Osterøy

Smittevernlegen på Osterøy har i dag vore i kontakt med laboratoriet på Haukeland og fått svar på dei prøvane som er tatt. Prøvesvara viser ingen koronasmitte.

Dette vil sei at karantenene for tilsette og barn/føresette på Hauge barnehage og Haus skule opphøyrer.

Dette gjeld kun dei som har vorte satt i karantene grunna forholda ved Hauge barnehage og Haus skule.

Dei som er sett i karantene av andre årsakar har ikkje fått karantene oppheva, f.eks. etter utanlandsopphald. Oversikten over kva land dette gjeld finn du her.

Frå måndag 16. mars vil difor også Hauge Barnehage og Haus skule ha same omsorgstilbod som resten av dei kommunale barnehagane og skulane.

 

13.03.20 kl. 14.00:

Omsorgstilbod for barn i barnehagar og skular.

Barn av foreldre som jobbar med kritiske samfunnsfunksjonar og dei borna som har særskilde omsorgsbehov får slikt omsorgstilbod (Klikk på lenka under):

Omsorgstilbod for barn i barnehagar og skular