HjemKampanjerKor skal me gå og vere i Lonevåg?

Kor skal me gå og vere i Lonevåg?

I samband med områdereguleringa for Lonevåg ber me om innspel til kor me skal gå, leike og vere i Lonevåg.
Publisert: 28.05.2019
Sist endra: 28.05.2019

For å sikre at alle viktige område der me oppheld oss, leikar, går tur og ferdast til aktivitetar ber me om innspel i høve dette.

  • Kva leikeområde skal me sikre?
  • Kor manglar det fortau?
  • Kor manglar det ein snarveg?
  • Kor er det ein sti som me må ta vare på?
  • Kva haug eller skog leikar ungane i?
  • Bør det vere ein park – og kor i tilfelle?

Alle bustadområde i Lonevåg skal ha eit leikeområde som er sikra i kart og som kan tilretteleggast, eller som er i bruk i dag. Me har lagt inn både eksisterande leikeområde og der me meiner det er behov for nye. Men er desse leikeområda dei beste, eller er det andre stader som høver betre? Kom med tilbakemelding på dette😊

Trykk her for utskriftsversjon av kartet. 

Det ligg utskrifter av dette kartet i servicekontoret på Rådhuset som du kan hente og skrive/teikne direkte på. Innspel kan også sendast til post@osteroy.kommune.no .

Send gjerne både tekst og teikn på kart.

Her kan du lese meir om pågåande områdeplan for Lonevåg. 

FRIST for innsending 06.08.19